Hopp til innhold

Angrepet nær den norske ambassaden slått tilbake

Angrepet mot ein bygning nær den norske ambassaden i Kabul er over og to angriparar er drepne, seier ein talsmann for politiet til den afghanske fjernsynsstasjonen 1TVNewsAF.

Afghanske rykkjer ut i Kabul.

Afghanske styrkar på veg inn i bygningen der Taliban-krigarar har gått inn.

Foto: Ap

Angrepet var ikkje langt frå den norske ambassaden, men ambassaden skal ikkje vere råka. Nyheitsbyrået Reuters melder at det var eit gjestehus med mange utanlandske gjestar som vart utsett for angrep, og at ein utalandsk statsborgar vart såra.

– Eksplosjon og skyting

Det har vore ein eksplosjon og skyting i nærleiken av den norske ambassaden i Kabul i ettermiddag, opplyser pressevakt Kristin Enstad i Utenriksdepartementet til NRK.

UD har vore i kontakt med ambassaden, og dei seier at nødvendige tiltak vart sette i verk for å sikre tryggleiken til dei som var i bygningen.

– Vi har kontroll på alle våre tilsette ved ambassaden, seier Enstad.

– Så alle ved ambassaden er trygge?

– Ingen av våre tilsette har vore involvert i angrepet, seier pressevakta.

Kraftig eksplosjon

Angrep mot bygning i Kabul.

Afghanske soldatar held vakt like ved der Taliban-opprørarar gjekk til angrep i ettermiddag norsk tid.

Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Det var rundt klokka 15.30 norsk tid at det vart meldt om ein kraftig eksplosjon i ambassadestrøket i Kabul, og at det like etterpå vart høyrt skotsalvar. Det var framleis skyting i området ein og ein halv eime etter angrepet, melder ein afghansk fjernsynsstasjon.

Fleire journalistar i Kabul melder at Taliban alt har teke på seg ansvaret for åtaket. Det var retta mot «eit viktig senter for fienden», skal den islamistiske opprørsorganisasjonen ha meldt. Det er førebels uklart kva bygning som var utsett for angrep.

– Den kraftige eksplosjonen var forårsaka av ei bilbombe. To eller tre opprørarar har gått inn i bygningen. Soldatane våre er der og kjempar mot inntrengjarane, sa kommandøren for 111. militærkorps i Kabul, Quadam Shah Shaheem, til nyheitsbyrået Reuters ved 17-tida norsk tid.

Taliban-angrep mot britisk ambassadebil.

Fem menneske vart drepne då ein sjølvmordsbombar frå Taliban angreip ein britisk ambassadebil i føremiddag.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Angrep mot ambassadebil

Tidlegare i dag vart fem menneske drepne i eit Taliban-angrep mot ein britisk ambassadebil.

Ei britisk tryggingsvakt og fire sivile afghanarar vart drepne i angrepet, medan 30 menneske vart såra.

I løpet av dei siste 10 dagane er Kabul ramma av minst åtte kraftige eksplosjonar. Fleire av angrepa har vore retta mot utanlandske mål.

Den norske ambassadan i Afghanistan

LES OGSÅ: Minst 50 drept på volleyballkamp

LES OGSÅ: USA utvider sin rolle i Afghanistan

SISTE NYTT

Siste nytt