Amnesty Internationals avdeling i Noreg varslar ein ny demonstrasjon utanfor den saudiarabiske ambassaden førstkomande fredag føremiddag. Organisasjonen har tenkt å halde trykket mot Saudi-Arabia oppe i denne saka.
Badawi skal få 50 piskeslag kvar gong, slik at piskinga ikkje skal ta livet av han, og han fekk første runde 9. januar. Fredagen etter, 16. januar, var han så dårleg etter dei første 50 piskeslaga at det ikkje var forsvarleg å gi han ein ny runde. Dermed fekk han eit lite opphald sist fredag.
Sterke internasjonale reaksjonar
Videoen i denne saka viser piskinga av Raif Badawi 9. januar. Videoen er filma med eit mobilkamera, stikk i strid med saudiarabisk lov. Piskinga gjekk føre seg på eit torg i hovudstaden Riyadh, og det var fleire hundre tilskodarar.
Etter sterke internasjonale reaksjonar, blant anna frå Amnesty, gjekk styresmaktene i Saudi-Arabia med på at Raif Badawi skal få saka si opp i rettsstellet på nytt. Men det verkar ikkje som om det fører til at dei droppar piskinga.
Raif Badawi vart arrestert i 2012 etter å ha oppretta nettsida «Sett saudiske liberale fri». Han vart tiltalt for fleire lovbrot, blant anna ulydnad mot sin eigen far og krenking av islam. Påtalemakta meinte også at han hadde gjort seg skuldig i fråfall frå islam.
Risikerte dødsstraff
Hadde han vorte funnen skuldig i det siste tiltalepunktet, ville han automatisk fått dødsstraff. I staden vart han altså dømd til
.Det har vekt sterke reaksjonar at fleire representantar for den saudiske regjeringa deltok i den store demonstrasjonen til støtte for ytringsfridom i Paris etter terrorangrepet mot satiremagasinet «Charlie Hebdo».
Generalsekretær John Peder Egenæs sa då at det å piske ein som vil ha meir ytringsfridom, representerer den same tankegangen som dei som gjekk til angrep mot «Charlie Hebdo».
Kone og born i Canada
Kona og dei tre borna til Raif Badawi bur i eksil i Canada. Du kan sjå og lese intervju med kona hans her:
Amnesty og fleire politikarar var blant dei rundt 70 som demonstrerte utanfor den saudiarabiske ambassaden i Oslo. Amnesty varslar ny demonstrasjon utanfor ambassaden også komande fredag.