Det er den største heideren det skandinaviske miljøet i USA gir. Gullmedalje og diplom delt ut på den storslåtte vårgallaen i New York.
Velståande amerikanarar med røter i Norden hadde funne fram diamantar og pels i går kveld for å heidre dronning Sonja og tidlegare Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen.
Norden og USA
Dei får prisen for sin eineståande innsats for å styrke banda mellom Norden og USA, seier direktør i American Scandinavian Foundation, Ed Gallagher til NRK. Dronning Sonja får prisen for sitt arbeid for å fremje kunst og kultur, Fogh Rasmussen for sin innsats både som statsminister i Danmark og seinare som generalsekretær i Nato.
Svigermor fyrste vinnar
American Scandinavian Foundation si høgste utmerking vart delt ut for fyrste gang i 1946 til kronprinsesse Märtha. Ho blei æra for sin innsats under krigen. I natt følgde dronning Sonja i svigermor sine spor.
Dette er ei stor ære. Eg må vedgå at eg ikkje visste at svigermor fekk den fyrste æresprisen, sa dronning Sonja i takketalen.