Hopp til innhold

al-Bashir tilbake i Sudan: Motteken av støttespelararar

Sudans president Omar al-Bashir er beordra arrestert i Sør-Afrika. Men han reiste frå landet i privatfly og blei motteken som helt i heimlandet.

Omar al-Bashir på flyplassen i Khartoum

HELT: Mange støttar presidenten og han ble godt motteken på flyplassen i Khartoum.

Foto: EBRAHIM HAMID / Afp

Den sør-afrikanske dommaren, som i dag beordra al-Bashir arrestert, Dunstan Mlambo, meiner at politiet har brote grunnlova ved å la den internasjonalt etterlyste presidenten reise frå landet.

Da Mlado kom med arrestordren, kunne statsadvokat William Mokhari røpe at al-Bashir hadde forlate landet.

Det var tilløp til latter blant publikum og journalistar på galleriet, som ifølge News24 allereie visste at den etterlyste presidenten hadde rømt landet.

Domstolen vil no etterforske kvifor pålegget deira ikkje vart handheva.

SAFRICA-AFRICA-AU-DIPLOMACY-SUDAN-COURT

Domstolen i Pretoria forlanga arrestasjon av al-Bashir. Men da var han allereie i lufta. Vidare skulle det ha blitt vurdert om han skulle bli utlevert til Nederland. No er det bebuda full gransking av kva som har skjedd.

Foto: MUJAHID SAFODIEN / Afp

Støttespelarar på flyplassen

President al-Bashir blei tatt i mot av støttespelarar på flyplassen i Khartoum, som hadde med seg plakatar med slagordet «Afrikas løve» og bilete av presidenten, skriv Ap. Nokre av dei hadde også tatt med ei kiste med «ICC til siste kvilestad» skriven på.

– Presidenten vil fortsette deltakinga i internasjonale arrangement som vanleg, og forsøk på å distrahere oss vil ikkje påverke oss, sa utanriksminister Ibrahim Ghandour.

Hevdar al-Bashir hadde immunitet

Den ANC-styrte regjeringa i Sør-Afrika har reagert sterkt på utreisenekten til Bashir.

Den hevdar at den sudanesiske presidenten hadde fått lovnadar om immunitet fordi han deltok på eit møte i den Afrikanske unionen.

Mange i Sør-Afrika er kritiske til ICC fordi dei fokuserer veldig på å straffe afrikanske leiarar. Dei meiner at vestlege leiarar slepp alt for billeg unna.

Ettersøkt for overgrep i Darfur

Omar al-Bashir er ettersøkt av den internasjonale straffedomstolen (ICC) basert i Nederland, skulda for å ha stått bak grufulle ugjerningar i Darfur.

Sidan 2003 har sudanesiske tryggingsstyrkar og militsgrupper herja med sivilbefolkninga. FN hevdar at minst 300.000 tusen menneske er drepne, og 2 millionar er internt fordrive i den blodige konflikten vest i Sudan.

al-Bashir er berre ein av mange sudanarar som er etterlyste av ICC.

SISTE NYTT

Siste nytt