Hopp til innhold

Aktivistleiar funnen drepen i Mexico

Aktivisten Miguel Angel Jimenes Blanco, som stod i spissen for leiteaksjonar etter dei 43 sakna studentane i Mexico, vart i helga funnen skoten og drepen i ein taxi.

Likvake for Miguel Angel Jimenez Blanco

Familie og vener sørgjer over den drepne meksikanske aktivisten Miguel Angel Jimenez Blanco etter at han laurdag vart funnen skoten og drepen nær heimen sin i den sørvestlege delstaten Guerrero.

Foto: Pedro PARDO / Afp

Miguel Angel Jimenes Blanco vart laurdag funnen av politiet, skoten og drepen i ein taxi ved heimen sin nær den populære feriebyen Acapulco i delstaten Guerrero, stadfestar lokale styresmakter ifølgje avisa La Jornada.

Den meksikanske samfunnsaktivisten har hjelpt mange familiar i søk etter sakna familiemedlemmer i Mexico. Han var med på å grunnleggja ei borgarverngruppe og koordinerte blant anna leiteinnsatsen etter bortførte 43 studentar.

Leidde søk etter sakna studentar

Riksadvokaten fastslo i januar i år at dei 43 sakna studentane er døde – drepne, brende opp på ei søppelfylling og kasta i ei elv av ein narkotikabande etter å ha blitt bortførte av korrupt politi. Forsvinningane har utløyst kraftige demonstrasjonar og opptøyar i landet.

Delstaten Guerrero er ein av fleire regionar i landet som er herja av gjeng- og narkotikarelatert vald. Valden har kravd 943 menneskeliv hittil i år og 15 personar vart drepne berre i løpet av den siste helga.

Sidan borgarverngruppa til Blanco starta søket etter studentane i november i fjor, har den kome over fleire massegraver med 129 lik som er overleverte til styresmaktene for identifisering.

Plakat med savnede studenter i Mexico

Ifølgje påtalemakta i Mexico vart dei 43 sakna studentane kidnappa av korrupt politi og overlevert til eit narkotikakartell som drap dei og brann opp lika.

Foto: JORGE DAN LOPEZ / Reuters

– Området er ein gravplass

Den drepne aktivistleiaren har i eit intervju med BBC omtalt Guerrero som «ein gravplass».

– Få familiar melder frå til politiet om forsvinningar fordi dei er redde. Dei fryktar at politiet sjølv er involverte i bortføringane, sa Blanco.

Totalt er meir enn 75.000 menneske er drepne i narkokrigen som braut ut då styresmaktene i 2006 erklærte krig mot dei mektige narkokartella i landet.