Ifølgje The New York Times er det funne over ti sjølvmordsvestar skjult inne på det strengt vakta området til det afghanske forsvarsdepartementet.
16 menn, mellom dei regjeringssoldatar, skal vere gripne, mistenkte for å vere delaktige i terrorplanane.
Vestlege styrkar er frå før i høg beredskap etter ei rekkje åtak og aksjonar frå afghanske politifolk og regjeringssoldatar i år.
Offer for allierte
Av dei nærare 100 utanlandske soldatane som er drepne i Afghanistan hittil i år, har kvar sjette døydd av kuler frå det ein trudde var afghanske allierte.
LES OGSÅ:
Seinast måndag blei tre soldatar i den NATO-leidde ISAF-styrka drepne under slike høve. To blei drepne av ein mann kledd i regjeringshæren sin uniform og éin av ein mann i politiuniform.
Skulle angripe bussar
Detaljar rundt terrorplanane som no vert avdekka, er framleis uklare.
Ifølgje afghanske og vestlege kjelder var planen truleg å gjennomføre eit koordinert åtak mot departementet og mot bussar som fraktar tilsette heim etter arbeid.
LES OGSÅ:
Ifølgje ei kjelde i departementet er det frykta at minst to bombemenn framleis er på frifot, og tryggingstiltaka i området rundt forsvarsdepartementet, der det også ligg fleire vestlege ambassadar, er trappa opp.
Haqqani-nettverket
Det er tidlegare gjennomført fleire spektakulære åtak og aksjonar i hjartet av den afghanske hovudstaden, men ein talsmann for Taliban nekta tysdag kjennskap til planane som no er avslørte.
Dei fleste åtaka i Kabul er truleg utført av det såkalla Haqqani-nettverket, ei opprørsgruppe med base i Nord-Waziristan i Pakistan som opererer uavhengig av Taliban, sjølv om dei svergar lojalitet til leiaren i Taliban, mulla Muhammad Omar.
LES OGSÅ:
Haqqani-nettverket er mistenkt for å ha band til terrornettverket Al Qaida, samtidig som dei historisk også harh att kontakt med den pakistanske tryggingstenesta ISI.