Hopp til innhold

– Vil skyte ned helikopter med naudhjelp

– Opprørsstyrkar i Sør-Sudan trugar med å skyte ned helikopter som skal fly naudhjelp. Det hevdar Kirkens Nødhjelp, som meiner trugselen vil forverre situasjonen ytterlegare.

SUDAN Sacks of food are unloaded from a UN helicopter in Pibor

Eit russisk helikopter på oppdrag for FN i Sør-Sudan lemper ut sekker med mat i Pibor i Sør-Sudan. Nå trugar opprørsstyrkar med å skyte ned helikopter, også dei som kjem med humanitær hjelp. Det vil kraftig forverre hjelpearbeidet som trengst i landet, seier Kirkens Nødhjelp.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det er opprørsstyrkar i delstaten Jonglei som trugar med å skyte ned helikopter som flyg over deler av regionen. Trugselen har kome inn via FN avdeling for tryggleik i Sør-Sudan, og vert sett på som ein alvorleg trugsel som trugar hjelpearbeidet i landet.

Anne-Marie Hellan i Sør-Sudan med Nyodoko Men og dottera hennar

Anne-Marie Helland er på reise i Sør-Sudan for tida. Her er ho i samtale med Nyodoko Men, og hennar fire månader gamle dotter.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Mange helikopter skotne ned

– Det vil vere dramatisk om den livsviktige humanitære innsatsen i dei mest sårbare områda i Sør-Sudan vert hindra, eller i verste fall stansa, på grunn av dette, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland, som for tida er på reise i Sør-Sudan.

Seinast i august i fjor vart eit FN-helikopter skutt ned i Sør-Sudan. Då døde tre russiske FN-soldatar, og ein fjerde vart skadd, etter at helikopteret vart skote ned over byen Bentiu.

Det har vore mange tilfelle av skyting mot helikopter i Sør-Sudan dei siste åra. Eit helikopter frå Verdas Matvareprogram skal ha blitt skote ned i Sør-Kordofan i januar i år. I desember 2013 vart to helikopter skotne to dagar på rad, og i desember 2012 vart eit FN-helikopter skutt ned i Sør-Sudan. Alle dei fem om bord i FN-helikopteret døde.

Kirkens Nødhjelp ikkje direkte truga

Etter dei nye trugslane har FN åtvara alle naudhjelpsorganisasjonar som opererer i Sør-Sudan om å vurdere om det er naudsynt å fly med helikopter for å få fram utstyr og materiell.

– Vårt arbeid vil ikkje bli direkte råka av ein stans i flytrafikken i dette området, for me frakter utstyret vårt og materiell inn via landevegen. Men trugslane kan råke anna viktig humanitær innsats, seier Helland.

Stort humanitært behov

Om trugslane hindrar det humanitære arbeidet i Sør-Sudan kan følgene bli katastrofale i landet kor behovet er enormt for tida.

Kirkens Nødhjelp meiner at mellom 1 og 1,5 millionar menneske er på flukt i Sør-Sudan på grunn av krigen mellom president Salva Kiirs styrkar og tidlegare visepresident Riek Machar sine opprørsstyrkar. På grunn av tørketid er det for tida også stor mangel på mat og vatn.

– No er tida for å redde liv særs avgrensa. Det siste me som driv naudhjelpsarbeid i dette kriseråka landet treng, er å bli skyteskive for dei krigande partane, seier Helland.

SISTE NYTT

Siste nytt