Hopp til innhold

– Vi har mist ein dag

Klimaforhandlingane i Lima er i gang igjen etter at dei braut saman i går. I dag skal FNs klimakonferanse avsluttast, men svært mykje er uklart. – Brotet har gjort det vanskelegare å komme i mål i tide, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Klimakonferansen i Lima

Representantar for G77-gruppa samla seg til møte seint i går kveld. Her gjeld det å finne fram riktig namneskilt - namnet på landet ein representerer - og ta det med seg til plassen sin.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

To veker i Lima er snart omme. I ettermiddag skal konklusjonen vere klar. Målet er å ha klart eit utkast til den nye internasjonale avtalen som skal vedtakast i Paris om eit år - og ha ein klar plan for kva som skal gjerast det neste året.

Aslak Brun på klimakonferansen i Lima

Forhandlingsleiar Aslak Brun med den teksten som førte til brot i forhandlingane i går. Då det blei kjent at dette alternative tekstforslaget var jobba fram i det stille, førte det til sterke reaksjonar i landa i G77-gruppa - som består av utviklingsland.

Foto: Eivind Molde / NRK

FNs klimasjef, Christiana Figueres understreka tidlegare i veka kor avgjerande det er at det blir eit positivt resultat her i Lima. – Utan suksess i Lima blir det ingen suksess i Paris, det er heilt klart, sa Figueres.

Men forhandlingane har gått tregt. Og så blei det altså brot i forhandlingane i går.

– Tida er knapp

Faktum er at vi har mist ein dag med forhandlingar, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Det er umogeleg å seie om vi kjem i mål innan fristen. Det er den tradisjonelle konflikten mellom i-land og u-land som var årsaka til at forhandlingane braut saman og stoppa opp, seier ho.

Konflikten handlar om kor mykje landa skal bidra med, kor stort ansvar dei skal ha for å kutte utslepp av klimagassar.

Det som skjedde var at det lak ut eit alternativt tekstforslag som var blitt jobba med i det stille. Det førte til kraftige reaksjonar i landa i G77-gruppa - som består av utviklingsland.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Klimakonferansen i Lima

Store skjermar med tekst - og alle rundt bordet har sine poeng dei vil ha inn. Det blir mange merknader og kommentarar på skjermen, og ein stadig meir omfattande tekst å jobbe med for forhandlane.

Foto: Eivind Molde / NRK

Haldningsendring blant u-landa

Tine Sundtoft

Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) seier alle må bidra for tida er knapp.

Foto: Eivind Molde / NRK

Men ikkje alle i G77-gruppa støtta brotet.

– Eg vel å tolke det positivt, at det er ei endring på gang. Det er naturleg at ulike land må bidra med utsleppskutt på ulik måte. Men det å stå fast i ein gammal tenkjemåte, det har vi lita forståing for, seier Sundtoft.

Ho seier alle må bidra for å få til ei løysing.

Men alle må vere innstilt på å bidra når landa i verda skal gjere ein innsats for å få ned utsleppa av klimagassar. Det prinsippet må vi leggje til grunn, særleg når vi ser kor fort økonomien i dei ulike landa har endra seg dei siste 20 åra, og sannsynlegvis vil endre seg dei neste 20.

Derfor er det interessant at nokre av dei landa no også ser det perspektivet, seier Sundtoft.

Ingen frå G77-gruppa ville uttale seg til NRK i går kveld.

Klimakonferansen i Lima

Snart klart for møte i G77-gruppa, ei gruppe utviklingsland.

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt