Det vekte stor oppsikt då libanesiske styresmakter tidlegare denne veka sa at dei hadde arrestert kona til al-Baghdadi, truleg den mest ettersøkte mannen i verda i dag.
Som leiar for den brutale terrororganisasjonen Den islamske staten (IS), som har teke kontroll over store delar av Irak og Syria, har han erta på seg det meste av det internasjonale samfunnet.
– Baghdadis ekskone
Machnouk sa til den libanesiske fjernsynskanalen MTV i dag at kvinna som vart internert for to veker sidan, har vore gift med al-Baghdadi. Ho blir identifisert som Saja al-Dulaimi, og då ho vart arrestert av den libanesiske hæren på grensa var ho saman med dottera og to søner.
– Vi tok DNA-test at både mor og dotter, og testen viste at ho var mor til jenta. Testen viste også at jenta er dottera til al-Baghdadi, sa Machnouk i intervjuet med MTV.
Det er uklart korleis libanesiske styresmakter har fått tak i DNA frå al-Baghdadi, men det kan kome frå USA. I 2005 vart Abu Bakr al-Baghdadi arrestert av amerikanske styrkar i Irak, og han vart halden som fange i Bucca-leiren sør i landet i fire år.
Han vart seinare overført til irakiske styresmakter, og dei sette han fri etter kort tid.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Gravid og gift på nytt
Innanriksministeren kunne fortelje at al-Dulaimi har vore gift tre gonger. Først med ein mann frå det irakiske regimet, og han er far til dei to sønene ho hadde med seg då ho kom til Libanon.
Så var ho gift med IS-leiaren al-Baghdadi i tre månader, og dei fekk altså ei dotter. Deretter vart ho gift på nytt igjen, denne gongen med ein palestinar, og ho er no gravid med han, sa Machnouk.
Han fortalde også at Saja al-Dulaimi er dottera til ein aktiv medlem av Nusrafronten, ei opprørsgruppe i Syria som har sverja truskap til terrornettverket Al Qaida.
Kvinna skal ha vorte arrestert av syriske styresmakter, men vart truleg sett fri i mars i år i samband med ei fangeutveksling mellom Assad-regimet og Nusra-fronten.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Eit forhandlingskort
Den libanesiske innanriksministeren sa også at borna til Saja al-Dulaimi blir tekne vare på i eit omsorgssenter, medan mora er i avhøyr i hovudkvarteret til forsvarsdepartementet.
IS har ikkje kommentert meldinga om at dottera til leiaren er internert i Libanon, men Nusra-fronten har fordømt det.
Ein anonym libanesisk tenestemann seier til BBC at Libanon no har eit «sterkt forhandlingskort» opp mot IS og Nusra-fronten, som held 20 libanesiske soldatar og politifolk som gislar. Dei truar med å drepne dei dersom ikkje deira medlemer i libanesiske fengsel blir sette fri.
LES OGSÅ: