Hopp til innhold

– USA må støtte kurdarar i Syria

– Den einaste aktøren som har slått tilbake IS i Syria er kurdarane, men USA og EU vil ikkje støtte dei på grunn av nære band til PKK. Eg håpar dei endrar meining, seier forskar Erlend Paasche.

Forsker mener USA og EU bør støtte de syriske kurderne i kampen mot IS.

VIDEO: Erlend Paasche om situasjonen i Syria.

Doktorgradsstipendiat Erlend Paasche ved fredsforskingsinstituttet Prio sa i ein debatt på Dagsnytt 18 torsdag at han faktisk vart overraska over at Barack Obama, etter å ha nølt lenge, no har gitt grønt lys for å bombe IS også i Syria.

– Eg trur Obama gjer det rette. Det er noko heilt anna å bombe i Syria enn i Irak, men IS er transnasjonalt, og då må også motstanden vere det, sa Paasche blant anna. Han meiner det er viktig at dei går i allianse med dei syriske kurdarane, trass i banda dei har til PKK.

PKK står på terrorlista både til USA og EU.

Inntekter frå oljesmugling

Han sa også at noko av poenget med ein brei internasjonal koalisjon er å isolere IS finansielt.

– IS får ein stor del av inntektene frå smugling av olje. Det må nabolanda vere med på å hindre.

Seniorforskar Cecilie Hellestveit i forskingsinstitusjonen ILPI meiner at det blir ei formidabel oppgåve for USA og landet sine allierte å knuse IS. Ho minner om at gruppa er militært sterk, og at dei blandar seg med dei lokale innbyggjarane. Ho poengterte at det er svært vanskeleg å vite kven ein kan samarbeide med på bakken i Syria, fordi opprørsgruppene er svært fragmenterte.

Cecilie Hellestveit, forsker. USA blir innblandet i borgerkrigen i Syria når de nå skal angripe IS

VIDEO: Cecilie Hellestveit om situasjonen i Syria.

Mange ulike interesser

– Sjølv om alle er samde om at det er naudsynt å slå tilbake IS, så er det vanskeleg å få med seg nabolanda. Her er det mange land som har sine eigne interesser, slik som Tyrkia, Iran og Saudi-Arabia. Saudi-Arabia vil ikkje godta at Iran blir sterkare. Israel må også takast omsyn til, dei vil heller ikkje godta at Iran kjem styrkt ut av dette, sa Hellestveit blant anna i ein debatt i Dagsnytt 18 i kveld.

Ho gav uttrykk for at kurdarane må vere ein del av løysinga i Syria. Det er viktig å merke seg, sa ho, Assad-regimet og IS har ikkje kjempa så mykje mot kvarandre i det siste, men begge har gått til angrep på dei meir moderate gruppene. Dette fordi dei truleg har venta ein eller anna form for internasjonal innblanding.

LES OGSÅ: – Noreg stiller seg bak Obama i kampen mot IS

LES OGSÅ: Arabiske land stiller seg bak IS-bombing

– USA har lært

Hellestveit trur USA har lært at dei må samarbeide, og at dei har lært av det som skjedde under invasjonen av Irak i 2003. Dei har lært, håpar ho, at dei må samarbeide med lokale sunnimuslimar mot ekstreme sunnimuslimar

LES OGSÅ: KrF: – Må stille opp om me blir bedne

LES OGSÅ: Tvilende til om Obama lykkes med å «utslette» IS

LES OGSÅ: Obama åpner for flyangrep mot IS

SISTE NYTT

Siste nytt