Mansour skal ha blitt utnemnt til leiar på eit møte i Pakistan i dag. Alle som var til stades var samrøystes, seier ein av deltakarane på møtet.
Samstundes stadfestar to toppsjefar i Taliban til nyheitsbyrået AP at mulla Omar er død, slik afghanske styresmakter hevda i går. Taliban nekta i går for at det var tilfelle.
Afghansk etterretning meinte at mulla Omar, Talibans suverene leiar, hadde vore død i to år, og at han døde av sjukdom på eit sjukehus.
- LES OGSÅ:
Ekspertar meiner det vil vere vanskeleg å halde Taliban samla om Omar faktisk er død. Og om Taliban splittast opp, så kan dette også forkludre dei pågåande fredssamtalane mellom Taliban og Afghanistan, meiner ekspertar.
- LES OGSÅ:
Og i dag opplyser det pakistanske utanriksdepartementet at møta som var planlagd på fredag no er utsett. Det skal vere afghanske styresmakter som har bedt om å utsette samtalane.
Taliban er delt opp i tre store hovudfraksjonar, og fleire meiner det no vil bli utfordrande å halde fraksjonane samla utan den samlande leiaren mulla Omar.