Hopp til innhold

Thein Sein vil akseptera Suu Kyi som president

Presidenten i Myanmar, Thein Sein, seier i eit ferskt intervju med BBC at han vil akseptera Aung San Suu Kyi som president dersom folket vil ha ho.

Suu Kyi og Thein Sein

President Thein Sein gir tydelege signal om at han vil godta Aung San Suu Kyi som ny president i Myanmar.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

Den tidlegare juntaleiaren insisterer i intervjuet på at folkeviljen vil bli respektert i valet i 2015.

Klare teikn på demokrati

Dette er eit tydeleg signal om at Myanmar er i ferd med å forlata sitt autoritære styresett.

For ikkje lenge sidan ville det ha vore utenkjeleg for presidenten i Myanmar å tala til hovudforsamlinga i FN, og rosa opposisjonsleiaren og demokratiforkjemparen Aung San Suu Kyi.

Likevel har han gjort begge delar denne veka. I det ferske intervjuet med BBC går president Thein Sein endå lenger.

Han omtalar fredsprisvinnaren Aung San Suu Kyi som ein kollega, og lover å akseptera ho som ny president i eit komande val dersom folket ønskjer ho ved makta.

LES OGSÅ: Suu Kyi på plass i nasjonalforsamlingen

LES OGSÅ: Aung San Suu Kyis sønner strøket fra Myanmars svarteliste

Politiske reformer

I to tiår var Thein Sein medlem av den undertrykkjande militante regjeringa som styrte Myanmar.

I det siste er han likevel blitt ein pådrivar for politisk endring i landet, og det er innført ei rekkje demokratiske reformer.

Thein Sein seier i intervjuet med BBC at han er fast bestemt på å gjennomføra det planlagde reformprogrammet, og at han samarbeider med den tidlegare fredsprisvinnaren Aung San Suu Kyi.

Sette fri fangar

For to veker sidan sette Myanmar fri 514 fangar, 424 av dei politiske, ifølgje opposisjonen. Dei uttalte då at dette kunne bety slutten på all politisk motivert fengsling,

Vestlege land har no fjerna dei fleste sanksjonane mot Myanmar, som følgje av at landet har gjennomført både politiske, økonomiske og sosiale reformer.

Nobelpris 21 år etter

I sommar kom Aung San Suu Kyi til Noreg for aller første gong.

I 1991 skulle ho vore i Oslo for å ta imot fredsprisen. Først 21 år seinare låg tilhøva til rette for at ho kunne forlata heimlandet sitt, utan å frykta for å ikkje sleppa inn att.

– Eg var jo ikkje nett hindra frå å koma. På ein måte valde eg å ikkje koma den gongen, for eg følte at det ikkje var rett, fortalte Suu Kyi til NRK.

Dei siste åra har tilhøva for folket i Myanmar blitt betre. I november 2010 blei Aung San Suu Kyi sett fri frå husarrest.

Sjå intervjuet til Ole Torp med Aung San Suu Kyi her