Hopp til innhold

– Russland kan forverre borgarkrigen i Syria

BRUSSEL (NRK): Det at Russland bombar i Syria, kan føre til at borgarkrigen i landet vert verre enn det han er no. Det seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide før forsvarsministermøtet i Nato.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide fryktar at Russland kan gjere vondt verre i Syria.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Forsvarsministeren trur at det kan vere fleire motiv for at Russland no går inn i borgarkrigen i Syria.

– Eitt motiv kan vere at dei vil skape seg ein posisjon i Midtausten, eller at dei vil ha merksemda vekk frå krigen i Ukraina. Det er vanskeleg å slå fast, seier Søreide til NRK.

– Ikkje støtt det syriske regimet

Ifølgje USA har mindre enn 10 prosent av angrepa frå Russland i Syria råka ekstremistane i IS, eller opprørarar med band til Al Qaida.

Russisk bombing i Syria

Russland har gjennomført fleire luftangrep i Syria den siste veka.

Foto: Ap

– Vår store uro er at dette vil eskalere konflikten på ein måte som gjer ei politisk løyring endå vanskelegare, fortel Søreide.

Russland held framleis fast ved at dei ikkje bombar moderate opprørsgrupper, men infrastrukturen i IS.

Også generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, snakka med pressa før han gjekk inn til møtet.

– Eg ber Russland ha ein konstruktiv og samarbeidande rolle i kampen mot IS, og ikkje støtte regimet til Bashar al-Assad. For å støtte regimet er ikkje eit konstruktivt bidrag til ei fredeleg løysing, seier han.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg gestikulerer på en pressekonferanse

Generalsekretær Stoltenberg ber Russland om å samarbeide i kampen mot IS.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Syria blir tema på møte

Russland gjekk inn i borgarkrigen på lag med regimet i førre veke, og har gjennomført ei rekkje luftangrep mot opposisjonsstyrkar.

Forsvarsministrane i Nato møtast torsdag i Brussel, det er sett av ekstra tid til konflikten i Syria, som vert eit stort tema.

– Det er viktig å få dei ulike landa si vurdering av situasjonen. Alle landa har ei uro og interesse for å diskutere dette.

SISTE NYTT

Siste nytt