Hopp til innhold

– Russisk marineøving i Den engelske kanal

Ein skvadron russiske marinefartøy skal dei neste dagane halde ei marineøving i Den engelske kanal, melder eit russisk nyheitsbyrå.

Den engelske kanal

Skvadronen, som blir leidd av antiubåtfartøyet «Severomorsk» ligg no i internasjonalt farvatn utanfor innløpet til Seinen for å vente på at ein storm skal gi seg.

Det russiske nyheitsbyrået RIA melder dei russiske krigsskipa, som høyrer til den russiske nordlåten, passerte Dover i Storbritannia i natt, og at dei skal gjennomføre diverse trening når dei ligg for anker ved utløpet av Seinen.

- Ikkje militærøving

Det har ikkje lukkast nyheitsbyrået Reuters å få ein kommentar frå den russiske nordflåten, og det russiske forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere meldinga frå RIA Novosty.

Den franske marinen stadfestar at dei russiske krigsskipa ligg i internasjonalt farvatn i Seinen-bukta, men at det ikkje er uvanleg med russiske marinefartøy i Den engelske kanal.

– Dei driv ikkje med militærøvingar. Akkurat no ventar dei i eit område der det kan vere russiske marinefartøy fleire gonger i året, heiter det i ei fråsegn frå den franske marinen.

LES OGSÅ: Stoltenberg: Russland er en risiko for sivil luftfart

LES OGSÅ: – Flysikkerheten i Europa er truet

Viser musklar

Russland har i samband med krisa i Ukraina vist militære musklar på mange ulike måtar. Det er mange år sidan NATO har registrert så stor aktivitet frå russiske fly nær NATOS medlemsland, og den moglege marineøvinga i Den engelske kanal kan vere ein del av denne styrkeoppvisinga.

Russland tok i sommar kontroll over Krimhalvøya frå Ukraina og gir også omfattande støtte til opprørarane som ynskjer sjølvstende i den nordaustlege delen av Ukraina.

NATO har på si side trappa opp det militære nærværet i Polen, som grensar til Ukraina, og i dei tidlegare sovjetstatane Litauen, Latvia og Estland.

LES OGSÅ: Kraftig økning i «alvorlige militære hendelser» i år

LES OGSÅ: Russiske militærfly nær norsk luftrom

SISTE NYTT

Siste nytt