Hopp til innhold

Nye demonstrasjonar i Romania: – Regjeringas avgang er ikkje nok

Rumenarane lar seg ikkje roe ned av at regjeringa har gått av. Det var nye demonstrasjonar i natt. Over 30.000 marsjerte i gatene i Bucuresti. Resten av landet er i ferd med å følge etter.

ROMANIA-PROTEST

Over 30.000 demonstrerte i gatene til trass for at regjeringa gjekk av. Dei krev omfattande reformer etter nattklubbrannen som kosta 32 menneske livet.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Romania Nightclub Fire

Lys utan for konsertkjellaren Colectiv i Bucuresti. 32 omkom i brannen, 200 er skadd. Nattklubben dreiv uforsvarleg.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

– Vi ynskjer oss ei teknokrat-regjering, for det finst ingen ærlege politikarar for tida, seier demonstranten Bogdan til nyheitsbyrået Reuters.

Over 30.000 marsjerte i gatene i Bucuresti i går. Dette trass i at regjeringa timar før hadde gitt etter for kravet om å gå av.

Ein nattklubbrann som kosta 32 menneske livet og sende 200 på sjukehus, er årsaka til sinne og frustrasjonen.

Ein korrupsjonskultur har fått skulda for tragedien, og demonstrantane krev gjennomgripande reformer.

– Eit velkjent triks

Vidar Helgesen og Victor Ponta

Statsminister Victor Ponta gjekk i går av. Her saman med statsråd Vidar Helgesen tidlegare i år.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Regjeringa gjekk i går av i håp om at dette ville roe ned situasjonen.

– Dette er eit velkjent triks. Opposisjonen gjorde det same då dei sat i regjering i 2012, fortel ein rumensk journalist til NRK.

Da gjekk daverande statsminister Emil Boc av for som han sa å« ta brodden av dei politiske spenningane» som hadde oppstått" når regjeringa stramma inn under finanskrisa.

Men denne metoden ser ut til å vere oppbrukt i Romania.

– Vi har kome her for å slost mot korrupsjon. Om systemet ikkje klarer å kvitte seg med korrupte menneske, vil folk ta loven i eigne hender, sa ein demonstrant til nyheitsbyrået Reuters i natt.

ROMANIA-FIRE-DISCO-POLITICS

Folkehavet i Bucuresti i går. Det var også demonstrasjonar i Timisoara, Cluj, Craiova og Galati for å nemne nokre rumenske byar.

Foto: ANDREI PUNGOVSCHI / Afp

Mellombels statsminister utnemnt

President Klaus Iohannis har utnemnt utdanningsminister Sorin Cimpeanu som mellombels statsminister fram til fredag.

Då reknar han med at det har blitt danna ei ny regjering.

Opposisjonen krev nyval, for dei meiner regjeringspartia ikkje lenger har legitimitet. Det sosialdemokratiske regjeringspartiet seier dei vil danne ei ny regjering basert på den gjeldande koalisjonen.

Presidenten meiner regjeringa gjekk av for seint

BELGIUM-EU-SUMMIT

President Klaus Iohannis meiner regjeringa trakk seg for seint. Iohannis har sett i verk omfattande korrupsjonsjakt som har råka den indre kjerne i den politiske eliten i Romania.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

Samtidig kritiserer Iohannis statsminister Victor Ponta vente alt for lenge med å trekke seg.

– Regjeringa gjekk av alt for seint. Folk måtte døy for det skjedde. Hadde lovar og regler vore respekterte hadde ingen trengt å døy, sa Iohannis.

Presidenten har kravd at statsministerens går av sidan han vart tiltalt for omfattande korrupsjon i september. Tiltalen inkluderer forfalsking, pengevask og medverking til skattesvik.

SISTE NYTT

Siste nytt