Hopp til innhold

– Programvarefeil kan vere grunnen til Airbus-styrt

Etterforskarar meiner dei har funne bevis for at ein flystyrt ved flyplassen i Sevilla den 9. mai skjedde på grunn av problem med militærflyets programvare.

Europe And Africa Week In Pictures

Det var ikkje mykje att av flyet etter styrten 9. mai. No meiner etterforskarar at ulukka kan ha skjedd på grunn av problem med flyets programvare.

Foto: Miguel Angel Morenatti / Ap

Flyet, av typen Airbus A400M, styrta nær Sevilla under prøveflyging av det militære transportflyet. Flyets to pilotar og to av fire mekanikarar døde i styrten.

SPAIN-AVIATION-ACCIDENT-AIRBUS

Eit anna fly, av typen A400M landar på flyplassen ved Sevilla 12. mai. Leiaren av Airbus si avdeling for militærfly var med på ei prøveflyging for å bevise at firmaet har full tiltru til sine fly, sjølv om eit fly av same type styrta 9. mai.

Foto: CRISTINA QUICLER / Afp

Installasjonsmåten kan vere feilen

No meiner etterforskarar at styrten skjedde på grunn av ein teknisk feil ved flyets programvare. Det melder BBC.

Ifølgje Reuters skal det handle om måten programvara er installert på, og ikkje programvarenes funksjon og innhald.

Ein talsmann for flyprodusenten seier til den britiske TV-kanalen at det i flyets logg er funne teikn til at ikkje alt fungerte slik som det skulle, og at det kan vere ein mogleg årsak til at flyet styrta.

Storbritannia setter sitt A400M på bakken

Det er no sendt ut ei åtvaring til luftvåpena i dei landa kor programvara vert brukt. I åtvaringa vert det oppmoda til å ta ein dobbeltsjekk av flyets elektroniske kontrollmekanismar (også kalla ECU eller Electronic Control Units, journ.anm.).

Det er snakk om datamaskinar som er knytte til flyets motorar. Ein datamaskin per motor.

– Det ECU gjer er å ta mot beskjedar frå piloten, og deretter får motoren til å virke på ein mest mogleg optimal måte slik at ein oppnår det piloten ber om etter å ha tatt høgde for ei rekkje faktorar, seier ein talsmann for Airbus.

Airbus har no bede om ein sjekk av ECU, og Storbritannia har sagt at dei inntil vidare let vere å bruke sitt A400M-fly, medan dei ventar på fleire detaljar frå ulukkesetterforskinga.

SPAIN-CRASH/ Gerwert, Sanz, Enders, Morenes, Diaz, and Alonso attend the funeral of Airbus A400M military plane crew killed in Saturday's crash in the Andalusian capital of Seville

Leiinga i Airbus deltok den 12. mai på gravferda til dei som døde i flystyrten 9. mai. Til venstre er administrerande direktør i Airbus Defence and Space Bernhard Gerwert, deretter regjeringsmedlem Antonio Sanz, administrerande direktør for Airbus Group Tom Enders, Spanias forsvarsminister Pedro Morenes, president i Andalusiaregionen Susana Diaz og leiaren for Airbus Defence and Space si militære avdeling Fernando Alonso.

Foto: MARCELO DEL POZO / Reuters

Brukast av NATO-land

Det første flyet vart selt til Frankrike i august 2013, og Belgia, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Luxembourg, Spania og Tyrkia er blant landa som ventar på å få flyet levert, men som sannsynlegvis må vente endå litt lengre etter Sevillaulukka som skaper forseinkingar i arbeidet.

Airbus A400M er ein stor flytype som etter planen skal brukast av europeiske NATO-land, og som kan brukast til å transportere troppar eller store stridsvåpen. Ifølgje BBC har arbeidet med å utvikle flytypen kosta Airbus omtrent 167 milliardar kroner.

Ulukka i Sevilla førte til at Airbus sin aksje gjekk på ein dupp. Leiaren for Airbus si avdeling for militærfly har sjølv delteke på prøveflygingar berre få dagar etter ulukka for å prøve å bevise at det er grunn til å stole på flyet, sjølv om fire menneske mista livet 9. mai.

SISTE NYTT

Siste nytt