Hopp til innhold

– Opprørarane har kontroll over ukrainsk by

MOSKVA (NRK): Våpenkvila i Aust-Ukraina ser ut til å hengje i ein tynn tråd. Etter ein dag med harde gatekampar i byen Debaltseve, seier ukrainske styresmakter at opprørarane har kontroll over byen.

UKRAINE-CRISIS/ A view of an explosion after shelling is seen not far from Debaltseve

Eksplosjon etter angrep like ved den ukrainske byen Debaltseve.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Begge partar i konflikten i Aust-Ukraina stadfester tysdag ettermiddag at det gjennom heile dagen har vore harde kampar inne i Debaltseve mellom regjeringsstyrkar og russiskvennlege opprørarar. Dette skjer trass i våpenkvila, som tok til å gjelde søndag.

Dei vedgår at våpenkvila er i ferd med å rakne.

Det ukrainske forsvarsdepartementet seier tysdag ettermiddag at opprørarane no kontrollerer Debaltseve. Separatistane melder at dei kontrollerer meir enn 80 prosent av byen.

– Opprørarane stormar stillingane våre, seier visepolitisjefen i Debaltseve, Ilija Kiva til nyheitsbyrået AFP.

UKRAINE-CRISIS/ Members of the Ukrainian armed forces ride on a military vehicle near Debaltseve

Soldatar frå den ukrainske regjeringshæren ved byen Debaltseve.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Han legg til at det er fleire drepne og såra i byen, men at han førebels ikkje kan seie noko om kor mange det er snakk om.

Lokale separatistleiarar, som vil vere anonyme, seier til nyheitsbyrået Interfax at dei har drepe mange ukrainske soldatar.

NATO og EU uroa

NATO er uroa over at separatistane nektar å respektere våpenkvila, skriv NATOs øvstkommanderande i Europa, general Philip Breedlove i ei Twitter-melding.

Laster Twitter-innhold

EU ber partane i konflikten om å rette seg etter fredsavtalen, og følgje opp dei ulike punkta i samsvar med tidsplanen.

Natt til tysdag diskuterte den tyske forbundskanslaren Angela Merkel situasjonen med presidenten i Russland, Vladimir Putin. Også den ukrainske presidenten, Petro Porosjenko deltok i samtalen. Dei var samde om å be partane etterleve det som er avtalt.

Omringa ved Debaltseve

Det skal vere rundt 8.000 regjeringssoldatar ved Debaltseve, som er eit strategisk viktig jernbaneknutepunkt midt mellom Donetsk og Luhansk.

UKRAINE-CRISIS/ A view of an explosion after shelling is seen not far from Debaltseve

Eksplosjon ved byen Debaltseve tysdag.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Separatistleiarane hevdar at dei har teke kontroll over jernbanestasjonen i byen, og at mange regjeringssoldatar har overgitt seg. Dette avviser derimot det ukrainske forsvaret.

Fleire ukrainske regjeringssoldatar er tekne til fange av opprørarane, ifølgje forsvarsdepartementet. Ein ukrainsk soldat sa tidlegare tysdag til nettavisa Ukrainska Pravda at dei i praksis er omringa av opprørarane.

Men ifølgje det russiske nyheitsbyrået Interfax har det i løpet av dagen vore forhandlingar mellom opprørarane og regjeringsstyrkane i Debaltseve-området. Det er første gong dette skjer.

Trekkjer tilbake tunge våpen

Heilt sidan våpenkvila blei innført, er det meldt om kampar i Debaltseve. Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, OSSE, har tidlegare opplyst at opprørarar nektar dei å komme inn i byen. Førebels har dei oppretta ein base rundt 40 kilometer utanfor byen. Det blir arbeidd på spreng for å få observatørane inn.

UKRAINE-CRISIS/ Cannons of the Ukrainian armed forces are seen at their positions near Debaltseve

Den ukrainske regjeringshæren er på plass ved Debaltseve.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Fredsplanen slår fast at partane skulle starte tilbaketrekking av tunge våpen ved midnatt tysdag lokal tid. Russiskvennlege opprørarar i Luhansk-regionen hevdar at dei no er i ferd med å oppfylle dette kravet. Det ukrainske forsvaret har ikkje kommentert saka.

SISTE NYTT

Siste nytt