Hopp til innhold

– Noreg stiller seg bak Obama i kampen mot IS

– Vi har ikkje noko val. Vi må ta eit oppgjer med IS, seier utanriksminister Børge Brende (H). I første omgang skal Noreg berre yte humanitær hjelp.

Brende om militær assistanse i Syria

VIDEO: Noreg stiller seg bak USA

Natt til torsdag la USAs president Barack Obama fram sin strategi for å ta knekken på den islamistiske terrororganisasjonen IS, som kontrollerer store område i Irak og Syria. USA har alt gjennomført luftangrep mot IS i Irak, og no opnar han for å gjere det same i Syria.

Børge Brende sa på Dagsnytt 18 torsdag kveld at det som no gjer det mogleg med ein brei koalisjon mot IS , er først og fremst at Irak no har fått ny statsminister, Haidar al-Abadi.

Ikkje militær innsats

Han gjorde det klart at det pr. i dag ikkje er aktuelt for Noreg å delta i nokon militæraksjon mot IS, men at dette spørsmålet må drøftast dersom det kjem eit spørsmål om vi kan delta militært.

– Det norske oppdraget i dag er humanitært, men vi brukar Hercules-fly frå Forsvaret. Skulle det kome eit spørsmål om vi kan bidra militært, så må det ein grundig debatt til om vil for eksempel kan hjelpe til med opplæring, sa utanriksministeren.

Tidlegare i dag sa KrF-politikaren Kjell Ingolf Ropstad at Noreg må vurdere å stille opp militært mot IS. Senterpartiet og SV har uttrykt skepsis til norsk militær deltaking.

Noreg har hittil berre fått spørsmål om å levere mat, medisinar og anna humanitær hjelp til område som har vore under press frå IS, og eit Hercules-fly har levert ei hjelpesending til den kurdiske byen Erbil nord i Irak.

LES OGSÅ: Obama åpner for flyangrep mot IS

LES OGSÅ: Tvilende til om Obama lykkes med å «utslette» IS

– Vellukka luftangrep

Børge Brende brukte Erbil som eksempel på kor viktig dei amerikanske luftangrepa mot IS i Irak har vore.

– IS stod 20 kilometer frå Erbil. Hadde ikkje USA sett i verk luftangrep mot IS, så hadde byen truleg falle i løpet av kort tid, sa han blant anna.

Børge Brende er klar over at situasjonen i Syria er endå vanskelegare enn i Irak, blant anna fordi den demokratiske opposisjonen i landet er sterkt marginalisert.

– Dei held framleis Aleppo, men dei er under sterkt press. IS kan bli i stand til å stengje forsyningslinene mellom Aleppo og Tyrkia, sa han.

Debatt om kampen mot IS

VIDEO: Sjå heile debatten her

SISTE NYTT

Siste nytt