Hopp til innhold

– Noreg bør droppe meklarrolle og heller presse Israel

– Så lenge det ikkje er ein reell fredsprosess mellom Israel og Palestina, så bør Noreg heller setje makt bak kravet om at Israel skal avslutte den ulovlege okkupasjon av palestinsk land, seier nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell.

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell meiner Noreg bør revurdere israelspolitikken sin.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Solhjell seier til NRK at Noreg bør ta ei leiarrolle for å leggje press på Israel for å få dei tilbake til forhandlingsbordet, og å få dei til å avslutte dei ulovlege busetjingane på Vestbreidda.

– Noreg er eit land som blir lytta til i Midtausten på grunn av Oslo-prosessen. Vi gir betydeleg bistand, vi snakkar ope både med Israel og palestinarane, men det blir ikkje lagt nok press på Israel for å få landet tilbake til forhandlingsbordet, seier han.

– Må bli tøffare

Erna Peres

Erna Solberg lovde meir samarbeid med Israel då ho møtte president Shomon Peres.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

SV-nestleiaren meiner at Noreg må bli tøffare overfor Israel, blant anna ved å ikkje kjøpe varer frå ulovlege busetjingar. Regjeringa bør halde fram politikken med ikkje å selje våpen til Israel, meiner han, men også stille sterkare krav om at Israel skal halde fram forhandlingane.

Intervju i Søndagsavisa med Bård Vegard Solhjell

AUDIO: Bård Vegar Solhjell om norsk Israel-politikk.

LES OGSÅ: – Nesten halvparten kjenner ikke til Holocaust

Solhjell meiner at statsminister Erna Solberg (H) gjekk i feil retning under besøket til Israels president Shimon Peres nyleg, då ho gjekk inn for auka handelssamband og meir samarbeid om utdanning og forsking. Ho burde heller stille tøffare krav til Israel, seier han.

– Ho gjekk i heilt feil retning i ønsket sitt i om meir handel og meir samarbeid om utdanning og forsking. Det dummaste ein kan gjere er å premierer det landet som okkuperer og bryt menneskerettane, seier SV-nestleiaren.

LES OGSÅ: Det vanskelege A-ordet

Ikkje generell boikott

På spørsmål om han går inn for ein generell boikott av Israel, seier Solhjell at Noreg først og fremst bør ramme det som er i strid med internasjonal lov, og sjølvsagt våpenhandel.

Solhjell oppmodar utanriksminister Børge Brende (H) til å setje ned eit breitt utval av Midtausten-forskarar og -ekspertar som skal sjå nærmare på kva Noreg kan gjere for å skape fred mellom Israel og palestinarane.

– Vi har nokre av dei dyktigaste forskarane i Europa på dette feltet. Mange av dei er kritiske til Noreg si rolle i Midtausten, så eg trur dei kan gi mange nyttige tips, seier han.

LES OGSÅ: Norheim truet etter debatt

LES OGSÅ: Demonstrasjon mot Israel utenfor Stortinget: – En skam at Norge inviterer en krigsforbryter

LES OGSÅ: Støre hardt ut mot Israel: – Framtiden for fred ødelegges

– Villig til å lytte

Solhjell seier at han kjenner Børge Brende som ein person som er villig til å lytte til fagfolk, og han trur at utanriksministeren kan vere interessert i å gå opp den norske politikken overfor Israel på nytt.

– Noreg bør gå saman med andre europeiske land. Ganske mange land har ei kritisk haldning til de israelske politikken, og Noreg er eitt av dei landa som er tyngst involvert i Midtausten. Dermed har vi påverknadskraft, seier Bård Vegar Solhjell.

LES OGSÅ: Peres gav kongen hudpleieprodukter fra den okkuperte Vestbredden

LES OGSÅ: Erna til Israels president: – Norge vil ha økt handel med Israel

SISTE NYTT

Siste nytt