Hopp til innhold

– Nordmenn på Filippinane treng sjømannskyrkje

– I 2014 vart det registrert 90 norsk-filippinske fødslar i Filippinane. Det reelle talet er truleg langt høgare, seier ambulerande sjømannsprest for Søraust-Asia, Stein Vangen. 30–40 nordmenn døyr i Filippinane kvart år.

Sjømannsprest Stein Vangen.

Stein Vangen er ambulerande sjømannsprest for Søraust-Asia.

Foto: Sjømannskirken / Inge Mørland

Dei 90 borna er registrerte ved den norske ambassaden i Manila. Det er heilt sikkert langt fleire, men mange tek ikkje bryet med å registrere seg hos ambassaden, fortel han.

I tillegg til Filippinane har han også ansvar for Indonesia, Myanmar, Kambodsja, Laos, Vietnam, Aust-Timor og Brunei. Han har no basen sin i Noreg, men han har rundt 200 reisedøgn i året. Han har vore ambulerande sjømannsprest i Asia sidan 2002, og han kunne ikkje ha hatt ein betre jobb, seier han.

– Det er den herlegaste jobben i verda. Det er frigjerande å møte så mange menneske utan dei filtera vi er vane med heime, seier han til NRK på telefon frå Cebu på Filippinane. Cebu er ein av byane i landet der det er mange nordmenn, saman med Manila, Angeles og Olangapo/Subic Bay.

30–40 dødsfall i året

Det døyr 30–40 nordmenn på Filippinane kvart år, mange av dei er ikkje registrerte som innbyggjarar i landet.

Ordninga som er i dag, med ein ambulerande prest for heile Søraust-Asia, gjer det umogleg for Sjømannskyrkja å følgje opp dei som treng hjelp og støtte.

– Ein fast representasjon vil på ein heilt annan måte følgje opp menneske opp diakonalt, hjelpe til med etterlysingar og byggje bru mellom familien i Noreg og dei her. Og vi kan hjelpe menneske å byggje nettverk og ta større ansvar for seg sjølve, seier ambulerande sjømannsprest Stein Vangen.

Mange norske bedrifter

Sjømannsprest Stein Vangen i Filippinene.

Sjømannsprest Stein Vangen med litt av Manila bak seg.

Foto: Sjømannskirken / Inge Mørland

Mange norske bedrifter er etablerte i det filippinske øyriket, hovudsakleg innan skipsfart og maritim sektor. Dei siste åra har også ein del nordmenn knytte til dataindustrien slått seg ned i landet. Filippinsk-norsk Business Council har nær 90 medlemsbedrifter, og Vangen reknar med at ikkje alle norskrelaterte bedrifter er registrerte.

– Likevel er det nok flest sjøfolk og tidlegare sjøfolk. Ikkje minst derfor meiner det er viktig for Sjømannskyrkja å ha ein fast base her, seier Vangen. Han nemner også at det har blitt ein del pensjonistar som har flytta til landet på grunn av betre klima. Filippinane er også langt billegare enn til dømes Thailand, der det også er ein stor norsk koloni.

Det at den norske krona har svekt seg med opptil 25 prosent, er det ein del som har fått merke, fortel han.

LES OGSÅ: Stadig fleire nordmenn i trøbbel i utlandet

Opplever fordomar

Vangen fortel at fleire av dei norske mennene som får born med filippinske kvinner opplever at mange heime i Noreg har fordomar mot dei.

– Vi skal ikkje spreie fordomar. Eg møter mange norske menn som blir fedrar i vaksen alder, og dei brukar veldig mykje tid på familien sin. Dei fleste er opptekne av skulegang og velferd, og mange ynskjer at borna skal gå på skule i Noreg. Dei lever eit fullverdig liv som forsørgjar for ein storfamilie, medan dei kanskje var meir isolerte heime i Noreg, seier Vangen.

– Like fullt er det ein del familiar som har ein del utfordringar knytte til sjukdom, aldersskilnad og andre ting. Det er heilt naturleg at ein del av dei har behov for ekstra støtte, legg han til.

Filipppinene

SISTE NYTT

Siste nytt