Hopp til innhold

– Nemtsov drepen på grunn av Ukraina-bevis

– Boris Nemtsov vart drepen fordi han ville leggje fram bevis på det russiske militære engasjementet i Ukraina-konflikten, seier Ukrainas president Petro Porosjenko.

Boris Nemtsov drepen i Moskva.

Putin drap kameraten min, står det på plakaten til dette paret, som demonstrerte til støtte for Nemtsov i sentrum av Kiev i Ukraina.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Porosjenko seier at han snakka med Nemtsov seinast for nokre få veker sidan. Han hadde då gjort det klart for den ukrainske presidenten at han hadde bevis for Russlands rolle, og at han ville leggje fram desse bevisa.

Ukrainas president Petro Porosjenko.

Petro Porosjenko meiner Boris Nemtsov vart drepen fordi han ville leggje fram bevis på det russiske militære engasjementet i konflikten i Ukraina.

Foto: Christophe Ena / Ap

– Han sa at han ville leggje fram overtydande bevis på dei russiske militære styrkar si rolle i Ukraina. Nokon var veldig redde for at dette skulle bli kjent, og dei tok livet av han, sa Porosjenko på ukrainsk fjernsyn i dag.

Putin-kritikar skoten og drepen i Moskva

Brende krever uavhengig gransking av drapet

Kreml avviser

Dmitrij Peskov, talsmann for Russlands president Vladimir Putin, avviser skuldingane om at Kreml skal ha noko med drapet på Nemtsov å gjere. Dette er heilt grunnlause skuldingar, seier han til BBC i ettermiddag.

Ukrainske styresmakter og vestlege land har lenge skulda Russland for å finansiere og utstyre separatistane i den austlege delen av landet. Dei skuldar også Russland for å delta med regulære militære styrkar i krigen mot ukrainske regjeringsstyrkar.

Boris Nemtsov var ein av initiativtakarane til ein stor demonstrasjon i sentrum av Moskva i morgon i protest mot den økonomiske politikken i landet. No er denne demonstrasjonen avlyst, men det blir i staden arrangert ein minnemarsj for Nemtsov.

Nemtsov mottok mange trusler

– Neppe Putin

Boris Nemtsov skoten og drepen.

Putin-kritikaren Boris Nemtsov vart skoten og drepen like ved Kreml-borga i sentrum av Moskva seint fredag kveld.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Russiske styresmakter har gitt løyve til at inntil 50.000 menneske kan delta på minnemarsjen, som skal gå over Bolsoj Moskoveretskij-brua, der Nemtsov vart skoten og drepen seint i går kveld. Markeringa startar klokka 13 norsk tid.

Forskar Sinikukka Saari ved Finlands utanrikspolitiske institutt seier til det finske nyheitsbyrået FNB at det neppe var det russiske maktapparatet som stod bak drapet på Boris Nemtsov.

– Nemtsov var ikkje ein så stor trussel mot Kreml at president Putin ville ha gitt ordre om å eliminere han på ein så brutal måte. Dei har langt meir direkte metodar til rådvelde, seier ho.

Nasjonalistiske grupper

Ho får støtte frå professor Markku Kangaspuro ved lexander-instituttet ved universitetet i Helsingfors. Han meiner at dette drapet ikkje vil styrkje Putin, men peikar i staden på nasjonalistiske grupperingar.

– Det finst grupper i Russland som kan ha irritert seg over Nemtsovs fråsegner om Ukraina-krigen, seier Kangaspuro. Han viser til at mange grupper i Russland ser på krigsmotstandarar som svikarar.

SISTE NYTT

Siste nytt