Hopp til innhold

– Nato også ein verdiallianse

Jens Stoltenberg sa på Nato-toppmøtet i Wales i dag at det er viktig å hugse på at Nato ikkje berre er ein forsvarsalliansen, men også ein verdiallianse.

- Det er en stor ære

VIDEO: Jens Stoltenberg blir presentert som ny generalsekretær i Nato.

Jens Stoltenberg, som tek over som generalsekretær 1. oktober, vart presentert av avtroppande generalsekretær Anders Fogh Rasmussen. Han takka Rasmussen for den sterke leiarskapen han har vist i dei fem åra han har vore Nato-topp.

Anders Fogh Rasmussen er generalsekretær i NATO.

Anders Fogh Rasmussen har vore generalsekretær i Nato i fem år.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Stoltenberg sa at det er viktig å hugse på at Nato ikkje berre er ein forsvarsallianse, men at dei 28 medlemslanda også har eit felles verdigrunnlag.

Store utfordringar

– Vi må stå opp for desse verdiane i framtida, vi må investere både politisk og økonomisk til alliansen, sa den norske eksstatsministeren blant anna.

Den påtroppande generalsekretæren sa også at han ser fram til å starte opp i jobben 1. oktober og til å samarbeide med alle dei 28 medlemslanda for å skape ei sikker framtid for dei nesten ein milliard menneska som bur i Nato-området.

Den påtroppande Nato-sjefen får mange store utfordringar i fanget når han tek over 1. oktober. Det er uro på dørstokken til Nato både i aust og søraust, og dette uroar Stoltenberg.

LES OGSÅ: Dette er krisene som Stoltenberg må rydde opp i

– Russlands aggressive politikk

– Det usikre i verda har kome nærmare oss. I aust med den aggressive politikken Russland står for i Ukraina, og i sør Irak og Syria.

– Begge delar minner oss om kor viktig det er å ha ein sterk allianse med evne til å reagere, sa han tidlegare i dag.

Ei anna vanskeleg oppgåve blir å oppnå semje internt i organisasjonen om korleis kostnadene skal fordelast.

Stoltenberg uttrykte i dag også uro for trusselen den islamistiske terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) utgjer for Nato-landa, og dei har bygd seg opp i nabolandet til Nato-medlemslandet Tyrkia.

–- Ei viktig oppgåve

IS er ei gruppe som ikkje skyr noko, og som brukar makt på ein meir brutal måte enn vi har sett frå andre grupper tidlegare, sa han blant anna. Han la til at toppmøtet i Newport i Wales har handla om korleis Natos kan styrkje evna til å skremme alle frå å prøve å krenkje suvereniteten til medlemslanda.

– Eg ser fram til å starte i jobben fordi det er ei viktig oppgåve og ei tillitserklæring eg vil forvalte på best mogleg måte, sa Jens Stoltenberg. Han ville likevel ikkje kome med ei programerklæring før han startar i jobben.

LES OGSÅ: Våpenhvile undertegnet for Øst-Ukraina

LES OGSÅ: – Ingen kan stanse Nato-utviding

LES OGSÅ: Finland? Kanskje. Men ikke Sverige

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Jeg har stor respekt for oppdraget

Jens Stoltenberg og Anders Fogh Rasmussen.

Jens Stoltenberg vart helst velkommen som ny generalsekretær av Anders Fogh Rasmussen.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt