Hopp til innhold

– Muslimar gjer ikkje nok for å bli franske

I ein fersk Amnesty-rapport kjem det fram at to av tre franskmenn meiner muslimar ikkje gjer nok for å bli franske.

Frankrike kvinne i niqab Saint-Denis

Ei kvinne i niqab i Saint-Denis utanfor Paris. Frankrike har innført ei lov som forbyr slike hovudplagg.

Foto: REGIS DUVIGNAU / REUTERS

– 68 prosent av franskmenn meiner at muslimar ikkje er integrerte i samfunnet hovudsakleg fordi dei sjølve nektar å bli det, heiter det i rapporten frå Amnesty International, som tek for seg diskriminering av muslimar i europeisk arbeidsliv.

Søndag vart det klart at Marine Le Pen, presidentkandidat for det høgrenasjonalistiske partiet Front National, fekk ei rekordoppslutning på 18 prosent i fyrste runde av det franske presidentvalet.

No flørtar også president Nicolas Sarkozy med høgreekstreme veljarar for å samle nok støtte til å slå Sosialistpartiet sin kandidat François Hollande.

– Gjer ikkje nok

Nicolas Sarkozy

Nicolas Sarkozy besøker ein vingard 23. april 2012.

Foto: ALAIN JOCARD / Afp

Amnesty-rapporten avslører at Frankrike under Sarkozy si leiing ikkje har innført lovar og reglar som sikrar muslimar like rettar i arbeidslivet.

– Den franske stat feiler i å sikre at den nasjonale lovgivinga er på høgde med internasjonale standardar. Frankrike gjer ikkje nok for å sikre at ikkje-statlege aktørar, som private arbeidsgjevarar, ikkje dikriminerar på grunnlag av religion eller tru, heiter det i rapporten.

For eitt år sidan blei det innført ei lov som forbyr folk å dekkje ansiktet på offentleg plass. Amnesty åtvarar mot innføring av generelle forbod mot kulturelle og religiøse symbolar.

– Det er fordomsfullt å gå ut frå at alle kvinner som brukar visse typar klede berre gjer det under tvang, heiter det i rapporten.

– Sjølv om Frankrike støttar nokre av initiativa for å kjempe mot diskriminering og for å fremje mangfald på arbeidsmarknaden, er Amnesty International bekymra over at arbeidsgjevarar framleis ekskluderer muslimar på grunnlag av stereotypar og fordommar. Dette går særleg utover muslimske kvinner, heiter det i rapporten.

– Må bli franske

Tidlegare fyrsteamanuensis i fransk kulturkunnskap ved Universitetet i Oslo, Pedro Estop-Garanto, meiner det er både historiske og sosiale forhold som ligg bak franskmenn si kjensle av at muslimar ikkje vil bli integrerte.

– Algerie-krigen er ein viktig faktor. Algerie var fransk koloni og dermed var mange nordafrikanarar franske og flytta til Frankrike. Men dei integrerte seg ikkje i samfunnet. Dermed kan ein sei at muslimane kom skeivt ut. Dei store gruppene med muslimar kjenner seg ikkje franske og held seg til kvarandre, seier Estop-Garanto.

– Samstundes meiner veldig mange franskmenn at alle som kjem til Frankrike, må bli franske. Muslimar blir ikkje smelta inn i det franske samfunnet på same måte som til dømes spanjolar og italienarar, seier han.

– Dei sosiale tilhøva til mange muslimar blir som ein vond sirkel. Det er vanskeleg å kome seg ut av drabantbyane, med alle dei sosiale problema som finst der, og bli betre integrert i det franske samfunnet. Men det er moglegheiter. Om du vil opp og fram, så får du lov til det ved å vere flink på skulen, seier Estop-Garanto.

Arbeidsløysa i Frankrike var 10 prosent per februar 2012, ifølgje Eurostat.

Stigmatisering

Marine Le Pen

Marine Le Pen, presidentkandidat for Front National.

Foto: MARTIN BUREAU / Afp

Meiningsmålinga Amnesty refererer til er gjort av det franske meiningsmålingsinstituttet IFOP.

Det finst også nyare eksemplar på faktorar som kan forklare skepsisen. Til dømes Toulouse-skyttaren, Mohamed Mehra, som tok livet av sju menneske i løpet av åtte dagar.

Marine Le Pen sa i ein tale i mars: «Kor mange Mohammed Mehraer kjem med båt og fly kvar dag og fyller Frankrike med immigrantar?»

Rekordoppslutninga hennar kan tyde på at det er mange franskmenn som fryktar det same.

Frankrike korsika rasisme

Byen Ajaccio på den franske øya Korsika. Etter ein brann som skal ha vore eit rasistisk åtak på eit muslimsk bønerom natt til 9. april, kom det graffiti som seier «Ut med arabarane» og teikning av ei kiste.

Foto: PASCAL POCHARD-CASABIANCA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt