Det er førebels sparsamt med opplysningar, men fleire journalistar som er på staden melder om dei siste hendingane på Twitter.
Telegraph-journalist Roland Oliphant får opplyst av ein ukrainsk tenestemann at 30–40 russiske militære skal ha delteke i aksjonen.
Times-reporter Simon Shuster er på Krim og melder på Twitter at det ukrainske forsvarsdepartementet stadfestar at storminga har funne stad.
The Guardian-journalist Shaun Walker skriv at fleire journalistar er skadd, men det er uklart kven som har stått bak angrepa på reporterane.
Om lag 20 angriparar skal ifølgje departementet ha kasta sjokkgranatar og køyrt ein lastebil inn i det ukrainske rakettforsvaret på den autonome halvøya i Svartehavet.
Krev at 100 kapitulerer
Storminga skal derifrå ha skjedd utan stor dramatikk. Dei russiske styrkane var væpna, men det blei ikkje losna skot og ingen er såra, ifølgje den ukrainske militær-talsmannen Vladislav Seleznyov.
Dei ukrainske soldatane som var til stades på basen skal ha barrikadert seg inne i eitt av bygga, medan sjefen deira begynte å forhandla med russarane, melder Interfax.
Den russiske offiseren som hadde kommandoen skal ha kravd at dei om lag 100 ukrainske soldatane overgjev seg, opplyser ein ukrainsk oberst som Shuster har snakka med.
Storminga skjedde to dagar etter at russiske soldatar tok delvis kontroll over to ukrainske rakettbasar.
Russlands utanriksminister avviste då at Russland hadde sendt soldatar til Krim, og sa det var sjølvforsvarsgrupper som høyrer heime på Krim som hadde kringsett fleire basar og militærleirar.