Hopp til innhold

– Ingen trudde på ei så valdeleg eskalering

Halve landet treng naudhjelp, minst 50.000 er drepne, og 12.000 barn er rekrutterte som soldatar. Det har vore eit dystert år for verdas yngste nasjon.

Sudan Rebel Aid

I eit år har flukt, våpen og svolt prega Sør-Sudan. Landet skulle eigentleg bygge ein nasjon, men har hamna i ei etnisk konflikt dei ikkje klarer å finne ei løysing på.

Foto: Matthew Abbott / Ap

South Sudan One Year

I desember i fjor var sjukehusa i Juba fulle av skadde soldatar. Kampane var aller verst i desember, men konflikten varer framleis.

Foto: Ben Curtis / Ap
Hilde Frafjord Johnson

Hilde Frafjord Johnson har no reist heim frå Sør-Sudan, etter fleire år som FNs spesialutsending i landet.

Foto: Piene, Bibiana / NTB scanpix

I 2011 eksploderte eit heilt land i glede over sjølvstende. Men jubelen skulle raskt stilne. For eitt år sidan eksploderte det på ny i Sør-Sudan. Denne gongen var det ein eksplosjon av vald – ikkje glede.

15. desember 2013 var siste dag av partikonferansen til Sør-Sudans desidert største parti, SPLM. Utover kvelden starta det å kome urovekkande meldingar om skotveksling ved ein militærleir i Juba. Det viser seg etter kvart at det er ulike fraksjonar innan landets militære og regjering som er i konflikt med kvarandre.

– Det var ingen som såg føre seg at valden skulle eskalere så fort, i eit så stort omfang og med eit så graverande utfall. Heller ikkje aktørane sjølve hadde trudd det, seier tidlegare FN-utsending til Sør-Sudan, Hilde Frafjord Johnson.

Hjelpesenter i Juba i Sør-Sudan.

Mange har vore nøydde til å flykte frå Sør-Sudan etter at kampar braut ut i desember i fjor.

Foto: CHARLES LOMODONG / Afp
APTOPIX South Sudan Fighting

Barn og kvinner er særskild utsette. 80 prosent av dei som er på flukt er nettopp kvinner eller barn.

Foto: Matthew Abbott / Ap

Etniske skiljelinjer

Nokre månader før det smalt i Juba hadde president Salva Kiir kasta Riek Machar som visepresident. Etter skotvekslingane i Juba meinte Kiir at Machar prøvde å gjennomføre eit statskupp, noko den tidlegare visepresidenten nekta for.

I vekene som følgde utvikla det seg ein borgarkrig i Sør-Sudan med tydelege etniske skiljelinjer. President Kiir fekk støtte frå dinkafolket, som han sjølv høyrer til, medan Riek Machar fann si støtte hos nuer-folket, som også han er ein del av.

Væpna opprørsgrupper kjempar framleis om kontrollen i landet, og mellom dei står det sørsudanske folket.

– Det som har skjedd er først og fremst djupt tragisk for det sørsudanske folket. Dei har lidd meir enn nesten alle andre folkeslag i verda allereie. Og når dei endeleg hadde fått fridomen i 2011, så opplever dei denne konflikten med overgrep som er minst like ille, om ikkje verre, enn det dei opplevde gjennom tiår med krig, seier Johnson.

TOPSHOTS 2014-SSUDAN-UNREST-DISPLACED

To gutar leiker med ein koffert i ein av Sør-Sudans flyktningleire.

Foto: JM LOPEZ / Afp

SSUDAN-UNREST-TALKS-TANZANIA

Salva Kiir, til venstre og Riek Machar, til høgre, har vore i ein bitter maktstrid det siste året. Nabolanda, her representert ved Tanzanias president Jakaya Kiwete, har forsøkt å forhandle fram fred, førebels utan hell.

Foto: STRINGER / Afp

– Er sette fleire tiår tilbake

Konflikten i det ferske landet har ført til enorme lidingar, og få løysingar, både politiske og militære, har kome ut av konflikten. Naboland har vore inne i meklarroller, og det internasjonale samfunn, med FN i spissen, har oppmoda partane til å ta ansvar og finne ei løysing.

– Kiir og Machar kunne ha kome til ein omfattande fredsavtale for lengst. Dette dreier seg om politisk vilje. Det verkar som dei førebels har trudd at dei kan kome lengre ved å vere sterkare militært før dei kjem til einigheit. Når begge partar trur det, så held konflikten fram, seier Johnson.

Ho meiner landet på eit år har tatt mange, store tilbakeskritt i si nasjonsbygging.

– Det er djupt tragisk for Sør-Sudan som land. Dei vert no sett fleire tiår tilbake i sitt nasjonsbyggingsprosjekt, og i arbeidet med å bygge landet og skape ein felles identitet.

Men Frafjord Johnson har god tru på at 2015 skal bli eit betre år for Sør-Sudan, og at partane vil «ta til vettet».

– Eg vert overraska om me sit her i desember 2015 og konstaterer at me framleis ikkje har kome lengre. Regionen har sett eit stort press på konfliktpartane, og trugar no med sanksjonstrugslar og meir til, seier Johnson, som trur regjeringspartiet etter kvart vil tape såpass mykje på konflikten, at dei vert nøydde til å bli einige.

2014 i Sør-Sudan – i tal

Lidingane i Sør-Sudan har vore enorme det siste året, og tala som skildrar situasjonen i landet er av det sjokkerande slaget.

SOUTHSUDAN-FIGHTING/ Internally displaced South Sudanese women gather to receive food aid from the World Food Programme in Bor, Jonglei state

Det er veldige behov for mathjelp og anna naudhjelp i Sør-Sudan.

Foto: STRINGER / Reuters

Minst 50.000 drepne: Ifølgje International Crisis Group er minst 50.000 drepne i Sør-Sudan dei siste 12 månadane. Enkelte diplomatiske kjelder meiner det er meir reelt å doble talet. I tillegg er tusenar omkomne av svolt og sjukdommar.

Seks millionar treng naudhjelp: Av dei 11 millionane som bur i Sør-Sudan treng rundt halvparten naudhjelp, og rundt to millionar er heimlause, ifølgje fleire hjelpeorganisasjonar.

SSUDAN-UNREST-FILES

Køane for å få tak på litt naudhjelp er lange i Sør-Sudan.

Foto: FABIO BUCCIARELLI / Afp

Minst 610.000 flyktningar i nabolanda: Etiopia er det landet som har teke imot flest flyktningar frå Sør-Sudan, men også Uganda, Sudan og Kenya har teke mot folk på flukt frå uroa.

100.000 i FN-leire: Mange har søkt tilflukt i FN-leire, noko som har skapt ekstra uro og misnøye med FN og tidlegare FN-utsending Hilde Frafjord Johnson, som vart skulda for å ta part i den etniske konflikten.

80 % er kvinner og barn: Dei aller fleste som er på flukt og som treng naudhjelp er kvinner og barn. Mange har vore utsette for valdtekt og overgrep.

12.000 barnesoldatar: Det store talet på barn som vert utnytta som soldatar har lenge vore eit problem i Sør-Sudan. I tillegg vert over 400.000 barn haldne borte frå skulen fordi klasseromma deira vert nytta som militærleirar.

13 milliardar kroner: FN sitt økonomiske anslag for å møte utfordringane i Sør-Sudan til neste år er budsjettert til 13 milliardar kroner. Men førre veke gjekk FN ut og sa at dei manglar 117 milliardar kroner for å kunne møte alle dei behova som finst.

147 millionar kroner på fredssamtaler: Dei første seks månadane var dei to krigande partane samla på luksushotell i Etiopias hovudstad Addis Abeba, der den regionale organisasjonen IGAD stod for fredssamtalane. Men...

Fem mislukka våpenkvileavtaler: ...førebels har ingen av dei fem avtalane klart å skape fred i Sør-Sudan, og bidra til forsoning.

SSUDAN-UNMISS-WEAPONS

Store mengder våpen har blitt frakta inn i landet, der dei to krigande partane har drive på med eit rustningskappløp som ingen ser ut til å vinne.

Foto: MATTHEW ABBOTT / Afp

280 millionar til kjøp av våpen: Ekspertar på våpen har slått fast at store forsyningar med rakettar, granatkastarar og automatgevær er transporterte inn i Sør-Sudan. Dei to krigande partane har rusta seg opp, sjølv om lageret av våpen burde vore ganske stort allereie etter tiår med frigjeringskrig.

SISTE NYTT

Siste nytt