Hopp til innhold

– Heilt meiningslaus bruk av EØS-pengar

Nei til EU reagerer sterkt på at Europabevegelsen i Latvia har fått ein halv million kroner i EØS-støtte. – EØS-midlane bør gå til å overvinne fattigdom, ikkje til organisasjonar som fremjar EU.

LATVIA-EU-ENLARGE-REFERENDUM

Feiring i Riga i 2003 då Latvia vart medlem av EU. Ifølgje UD i Latvia er om lag 50 % av folket positive til EU medan om lag 40 % er negative.

Foto: JANEK SKARZYNSKI / AFP

Kathrine Kleveland - Nei til EU

Leiar for Nei til EU, Kathrine Kleveland.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– For Nei til EU er det heilt meiningslaust at vi bruker norske kroner for at Europabevegelsen i Latvia skape entusiasme for EU. Dette dreier seg ikkje noko om det som regjeringa stadig seier at desse pengane går til, nemleg å overvinne fattigdom.

Det seier leiaren for Nei til EU, Kathrine Kleveland.

For noverande fireårsperiode gjev Noreg om lag 15 milliardar kroner i EØS-støtte til dei 16 fattigaste landa i EU. Til gjengjeld får norske bedrifter tollfri tilgang til den indre marknaden i EU.

– Feil bruk av midlar

EØS-bidraget skal gå til sosial og økonomisk utvikling i dei 16 fattigaste landa i EU. Kvifor skal da Europabevegelsen i Latvia få stønad, spør leiaren i Nei til EU.

– I Latvia er det mange som treng anna hjelp, for der er ein av tre trua av fattigdom, og da er ikkje eit slikt entusiasmeprosjekt vegen og gå seier, Kleveland til NRK.

Utanriksdepartementet fortel til NRK at prosjektet har som føremål å auke folk si deltaking i avgjerdsprosessane både lokalt, regionalt og nasjonalt, samt på EU-nivå. Prosjektet vil få fleire til å engasjere seg og forstå at dei kan ta del i styringsprosessane i Latvia og i EU og aktivt bruke dei moglegheitene EU har lagt til rette for.

Ifølgje ei pressemelding frå latvisk UD frå desember i fjor, vil 38,5% av dei spurde i ei undersøking stemme nei til EU. Rapporten konkluderer med at det aukar på med EU-tilhengarar i det baltiske landet.

– Opp til mottakarlanda å bestemme

Europaminister Vidar Helgesen som legg vekt på at EØS-bidraget er prisen vi må betale for tilgang til den indre marknaden i EU.

– Det at vi gir EØS-midlar er eit resultat av at vi er med i EØS. Og det er kjempeviktig for norsk økonomi og norsk velferd, seier Helgesen til NRK.

Han legg til at det er opp til mottakarlanda å bestemme kva enkeltprosjekt pengane skal bli brukt til.

– Det er ikkje ei norsk avgjersle at Europabevegelsen i Latvia skal få pengar, det er ei latvisk avgjersle.

– Er det ikkje noko feil med systemet da når ein overlèt til andre å bestemme?

– Det er nettopp det som er poenget, vi skal bidra til utvikling i dei økonomisk svakaste landa i EU. Ein del av denne utviklinga er å bygge kapasitet hjå dei, også til å administrere støtte NGOar. Det å støtte frivillig sektor er ikkje like vanleg i desse landa som det er i Noreg, seier Helgesen.