Hopp til innhold

– Har gitt opp å telle Boko Haram-offer

Nigeria har sett i gang ein ny offensiv etter at Boko Haram har herja i Nord-Nigeria dei siste dagane. Så mange som 2000 menneske kan vere drepne av terrorgruppa.

Nigeria Violence

Ei jente står mist i ruinane etter eit tidlegare angrep mot Baga. Dette biletet er frå april i 2013, då også byen opplevde angrep frå Boko Haram. Det er førebels få bilete av dei nye angrepa.

Foto: Haruna Umar / Ap

Nigeria Violence

1,5 millionar menneske er på flukt i Nord-Nigeria.

Foto: Sunday Alamba / Ap
NIGERIA-UNREST-CHIBOK-FILES

Boko Haram står bak grufull vald i Nord-Nigeria. Berre den siste veka kan 2000 menneske ha blitt drepne.

Foto: - / Afp

Lengst nord i Nigeria, ikkje langt frå Tsjadsjøen, ligg byen Baga. Byen har den siste veka vore sentrum for mange harde kampar. Først vart den multinasjonale militærbasen i byen angripen av Boko Haram, deretter har Baga og 16 nærliggande landsbyar nærast blitt utrydda og brent ned av islamistgruppa.

– Våre sivile krigarar har gitt opp å prøve å telle alle ofra. Ingen kunne pleie dei drepne, og dei som var hardt skadde er nok døde no, seier Muhammad Abba Gava, ein talsmann for ein lokal hær som kjempar mot Boko Haram til nyheitsbyrået AP.

Amnesty er blant dei som fordømmer angrepa, som er dei blodigaste på lenge i Nord-Nigeria.

– Dette markerer ei urovekkande og blodig eskalering av Boko Harams si nedslakting, seier Amnestys afrikaekspert Daniel Eyre.

– Skaut rundt seg

No har nigerianske soldatar, med hjelp frå luftstyrker, starta kampen om å vinne tilbake kontrollen over byen.

Samstundes må dei også forsvare seg i Damaturu, som er regionshovudstaden i Yobe-regionen. Boko Haram-soldatar storma byen og skaut vilkårleg før dei vert overmanna av nigerianske styrker.

– Dei væpna mennene kom rundt halv åtte på morgonen, skaut rundt seg og ropte «Gud er stor», fortel studenten Mukhtar Sani, som bur i Damaturu.

– Alle gatene er tomme. Folk har flytta innandørs og alt me høyrer er lyden av skot, fortel Aishatu Bala, ein annan innbyggjar.

– Set pris på kvar einaste Nigerianar

Boko Haram har vunne mykje terreng dei siste vekene, og utgjer ein stadig større trugsel for Nigeria. Nigerianske styresmakter har gong på gong fått kritikk for å ikkje gjere nok, men i går forsikra ein talsmann for regjeringa om at dei tek eit oppgjer med Boko Harams herjingar dei siste dagane.

– Tryggingsstyrker har respondert raskt. Det er sett ut mange militære og gjennomført luftangrep mot militære mål, sa talsmann Mike Omeri til den frammøtte pressa.

– Regjeringa set pris på kvar einaste by, kvart einaste lokalsamfunn og kvar einaste nigerianar. Ikkje ein tomme av Nigerias jord vil bli verande i desse terroristane sine hender, forsikra Omeri.

Over 13.000 drepne sidan 2009

I februar er det val i Nigeria, og saman med landets økonomiske situasjon er krisa nord i landet eit av dei store tema. Førebels er det lite som tyder på at president Goodluck Jonathan vil tape mange stemmer på uroa i nord.

Men landets militære står overfor store utfordringar. Val i Nigeria har ofte betydd auka vald, og med store ressursar i bruk nord i landet, vil det kunne bli ekstra utfordrande i tida framover.

Boko Harams herjingar har sidan 2009 ført til meir enn 13.000 drepne, og det siste året har over 1,5 millionar menneske flykta frå heimane sine.

Gruppa står bak både massakrar og kidnappingar, og driv ei såkalla asymmetrisk krigføring, som er utfordrande å slå tilbake på sidan det er særs vanskeleg å føreseie eventuelle angrep.

Nigeria

SISTE NYTT

Siste nytt