Hopp til innhold

– Gir Noreg skuld for krigen i Sør-Sudan

I eit førebels rapportutkast om situasjonen i Sør-Sudan som er laga på bestilling frå Den afrikanske Union, får Noreg delvis skulda for borgarkrigen i Sør-Sudan.

Børge Brende og Salva Kiir i Juba

Børge Brende møtte Sør-Sudans president i januar i fjor. I eit utkast til ein ny rapport får no Noreg delvis skuld for å ha lagt til rette for at Salva Kiir og hans parti SPLM fekk makta i landet.

Foto: Bibiana Dahle Piene / NTB scanpix

Sudan Rebel Aid

Sidan desember 2013 har Sør-Sudan vore prega av konflikt. Tidlegare visepresident og noverande president har vore i ein intens maktkamp som har ført store deler av folket på flukt.

Foto: Matthew Abbott / Ap

Det er Reuters som har sett deler av rapporten, og skriv om innhaldet. USA, Storbritannia og Noreg, eller den såkalla troikaen, vert skulda for å skape «ein politisk, uimotsagt, væpna styrke» gjennom å støtte ein fredsavtale frå 2005 «som førte til ein uberekneleg politisk klasse».

Noreg krev rapporten offentleggjort

Det vert påstått i eit utkast til ein upublisert rapport som er laga på bestilling av Den afrikanske union (AU). Resultata av rapporten har lenge vore etterlengta, og Noreg er blant landa som har kravd å få den offentleggjort, noko også utanriksminister Børge Brende så til NRK Urix i går.

Det er våpenkvila frå 2005 som er bakgrunnen for skuldingane. Avtalen sette punktum for den andre sudanske borgarkrigen, og vart inngått mellom regjeringa i Sudan og opprørarane i Sør-Sudan.

Det var Sudan People's Liberation Movement (SPLM) som signerte på vegner av Sør-Sudan. Den gong var dei ein væpna opprørsstyrke, men i dag er dei Sør-Sudans største politiske parti.

Både Salva Kiir og Riek Machar, som begge i dag kjempar om makta i Sør-Sudan, tilhøyrar SPLM - eit parti som det siste året har delt seg i to fraksjonar.

(Saka held fram under videoen)

Børge Brende snakker med Hege Moe Eriksen om Sør-Sudan

Børge Brende besøkte NRK Urix i går, torsdag 5. mars 2015. Sjå sak frå Sør-Sudan og intervju med Brende.

AU la rapporten til side i januar

Rapporten frå Den afrikanske union er meint å avdekke kva som har ført fram til den borgarkrigen som i dag herjar i Sør-Sudan. Det er ein eigen menneskerettsavdeling i AU som har hatt ansvaret for rapporten, som så langt ikkje har blitt offentleggjort etter fleire utsettingar.

Seinast i januar skulle rapporten leggast fram for Freds- og tryggingsrådet i Den afrikanske union, men rådet velte å legge rapporten til sides og har ikkje teke stilling til det rapporten seier. Det skal ha skjedd etter at partane i borgarkrigen bad om at rapporten ikkje vart publisert.

Riek Machar på møter i Addis Abeba

Tidlegare visepresident i Sør-Sudan Riek Machar, i midten, er for tida i møte i Addis Abeba. Der møter han sin tidlegare sjef, president Salva Kiir. Målet er ein ny fredsavtale for Sør-Sudan.

Foto: ZACHARIAS ABUBEKER / Afp

Diplomatar i AU-systemet seier at rapporten er lagt bort fordi det er frykt for at den vil forstyrre fredsforhandlingane mellom Kiir og Machar som for tida går føre seg i Etiopias hovudstad Addis Abeba.

Partane skulle hatt ein avtale klar til midnatt, men har fått ny frist til klokka 12 i dag, norsk tid.

Kiir og Machar får kritikk

President Salva Kiir og tidlegare visepresident Riek Machar skal også ha fått hard medfart i utkastet som Reuters har fått tilgang til. AU krev mellom anna at dei to må halde seg utanfor ei ny regjering i Sør-Sudan, og at landet vert sett under AU sin kontroll.

Noreg var blant landa som stod bak eit resolusjonsforslag som denne veka vart vedteke i FNs Tryggingsråd. Resolusjonen inneheldt fleire sanksjonar retta mot dei to politiske leiarane om dei ikkje finn ei løysing på konflikten.

Også USA har fått kritikk for å ikkje gjere nok for å unngå ny borgarkrig i Sør-Sudan. I slutten av februar skreiv Foreign Policy ein lengre artikkel der USA måtte tole kritikk for sitt fredsarbeid i Sør-Sudan.

Utanriksdepartementet (UD) seier til NRK at det ikkje er naturleg å kommentere eit utkast til ein rapport som ikkje er gjort offentleg.

Pressetalsmann i UD, Frode Overland Andersen, peiker til at USA, Storbritannia og Noreg sitt engasjement i dei pågåande fredsforhandlingane har full støtte frå afrikanske land.

SISTE NYTT

Siste nytt