Hopp til innhold

– FN-måla er urealistiske, for dyre og for dårlege på menneskerettar

Etter suksessen med FNs tusenårsmål har verdssamfunnet på ny vedteke nye globale berekraftsmål som skal gjelde fram mot 2030. Men allereie før dei nye måla vart formelt vedtekne har dei fått både ros - og ris.

Ban Ki-moon under lansering av nye berekraftsmål

FNs generalsekretær var ein sjølvskriven gjest då FNs nye berekraftsmål vart lanserte denne veka. Her står Ban Ki-moon med ein av dei 17 plakatane som illustrerer dei nye måla. Men måla møter ikkje berre smil, for det er også kritikk å finne.

Foto: KENA BETANCUR / Afp

Tusenårsmåla som vart vedtekne av FN i 2000 vert omtalt som ein suksess, fordi dei har bidratt til at dei fleste land i verda har samarbeida for å jobbe mot å oppnå felles globale mål. Nokre av måla er oppnådde, medan FN ikkje kom i mål med andre mål.

Dei siste tre åra har alle FNs medlemsland delteke i tallause forhandlingsrundar for å kome fram til nye mål, og usemja har til tider vore stor. Men i går vart dei formelt vedtekne av FNs generalforsamling, der statsminister Erna Solberg, og 50-års jubilant og utanriksminister Børge Brende, representerte Noreg.

Børge Brende, Geir O. Pedersen og Anne Heidi Kvalsøren under forhandlingsmøte

Det har vore mange og lange forhandlingsrundar for å kome fram til dei nye berekraftsmåla. Her er utanriksminister Børge Brende med på eit av oppsummeringsmøta i juli 2014, saman med Noregs FN-ambassadør Geir O. Pedersen (til høgre) og Anne-Heidi Kvalsøren, som var den ved Den norske FN-delegasjonen som følgte forhandlingane tettast.

Foto: Richard Drew / Ap

Men sjølv om det var mange glade smil å spore i FN-bygget i New York i går, så er det ikkje alle som er optimistiske når dei ser på kva forhandlarane har fått til.

Her er noko av kritikken som FNs nye berekraftsmål har fått:

1. Alt for mange mål

Noko av kritikken som har gått igjen i lang tid, og som også har vore eit sentralt stridsemne i forhandlingsrundane, er at talet på mål er altfor høgt. Dei nye berekraftsmåla består av 17 hovudmål, og 169 delmål. Kritikarane meiner at medlemslanda i FN ikkje har vore flinke nok til å skjære ned på mengda mål.

Fleire peiker til at tusenårsmåla har blitt ein suksess fordi dei er få og konkrete, og dermed lette å formidle vidare og å jobbe mot. Like få og like konkrete er ikkje dei nye måla, og det er det også fleire medlemsland som er misnøgde med, skriv The Guardian.

2. – Urealistisk

Ein dansk klimaforskar har lenge vore ein aktiv kritikar, og er det også no. Bjørn Lomborg, i den danske tenkjetanken Copenhagen Consensus Center, meiner også at det er altfor mykje med 169 delmål. I tillegg er han sterkt kritisk til målet om å utrydde all fattigdom, som han meiner er heilt urealistisk.

– Om du vil gjere noko godt for verda, så må du lage klare og realistiske mål, har Lomborg sagt til Financial Times.

3. – For dyrt

Å oppnå dei nye måla vil vere altfor dyrt, hevdar The Economist i ein leiarkronikk. Dei hevdar at om ein vil nå måla som no er sett opp, så er det behov for ein sum som svarar til fire prosent av verdas samla brutto nasjonalprodukt.

Dette harmonerer ikkje med bistandsnivået som vert føreslått i dei nye måla, der dei såkalla «utvikla landa» skal gje bistand som svarar til 0,7 prosent av deira brutto nasjonalprodukt. Det er allereie 0,3 prosent mindre enn kva Noreg brukar å gje i bistand.

Leiarartikkelen hevdar også at mange utviklingsland har tenkt at det vil kome meir bistandspengar, jo fleire utviklingsmål det er. Men dette er feil, og vil berre bidra til at måla ikkje vert oppnådde, meiner The Economist.

UN Rally

Dei nye måla får mykje merksemd. Dei forrige tusenmårsmåla var ein stor suksess, og mange håper at det no vil gjenta seg. Men kritikarane meiner det no er for mange mål til at FNs nye utviklingsmål vert like suksessrike.

Foto: Bryan R. Smith / Ap

4. Mangel på menneskerettar

Fleire aktørar meiner menneskerettane vert gøymde bort i dei nye måla. I forhandlingane har land som ikkje ønskjer større fokus på menneskerettane jobba mot at det vert laga eit eige hovudmål som omhandlar menneskerettar.

Mellomløysinga har blitt å bake menneskerettane inn i fleire av dei 169 delmåla.

5. Ikkje-bindande

Mål nummer 17 er at alle FN-land skal samarbeide om å nå måla, og at også sivilsamfunnet skal hjelpe til med dette. Men måla er ikkje bindande og om nokon ikkje bidrar, så får det ingen konsekvensar.

Også dette har fått fleire til å vere uroa for at land der fattigdommen er stor eller menneskerettane er dårlege, skal bryte med berekraftsmåla utan at det får konsekvensar.

Brende og Solberg i FN

Utanriksminister Børge Brende tok i går ein sjølvfie saman med statsminister Erna Solberg. På Brendes 50-årsdag var det endeleg klart for å vedta dei nye berekraftsmåla.

Foto: Børge Brende/Twitter

6. Omstridde tema er utelatne

Det har på langt nær blitt plass til alt i dei nye berekraftsmåla, og det fører til at mange er misnøgde. Mellom anna er ikkje spørsmålet om kva rolle multinasjonale selskap skal ha i verdssamfunnet nemnt i dei 17 måla.

Heller ikkje situasjonen for seksuelle minoritetar eller spørsmålet om retten til abort er med i dei nye måla. Dette er tradisjonelt to vanskelege tema som splitter verdssamfunnet, og som potensielt kan vere til hinder for eit sluttresultat i forhandlingar kor alle verdas land deltek.

SISTE NYTT

Siste nytt