Hopp til innhold

– Eksplosjonen skuldast ei bombe

Politiet i den svenske byen Nyköping seier i kveld at det var ei bombe som var årsak til den kraftige eksplosjonen i ei bustadblokk i byen i går ettermiddag. To personar vart drepne i eksplosjonen.

To personer er drept i en eksplosjon i en boligblokk

VIDEO: To omkom i eksplosjon i Nyköping.

Lokalavisa Sødermanlands Nyheter melder at dei to som omkom var knytte til eit kriminelt gjengmiljø.

I kveld opplyser etterforskingsleiar Bengt Jansson til Aftonbladet at resultata av dei tekniske undersøkingane enno ikkje ligg føre, men at dei er sikre på at eksplosjonen skuldast ei bombe.

Politiet opplyser at dei to omkomne enno ikkje er formelt identifiserte, men Södermanlands Nyheter siterer ei kjelde i politiet på at dei no kjenner identiteten til dei to mennene. I går kveld vart også det svenske tryggingspolitiet, Säpo kopla inn etter eksplosjon i Nyköping .

Det har ikkje kome nye opplysningar som kan tyde på at eksplosjonen var terror-relatert.

Avisa skriv at begge dei to omkomne har vore aktuelle i fleire saker politiet i byen har etterforska, og at politiet no jobbar med å slå fast kva nettverk dei høyrer til.

Kraftig eksplosjon

Krister Sjökvist ved Nyköpingspolisen seier at politiet reknar med å ha identifisert dei to omkomne i løpet av onsdag

Det var like før klokka 16 i går at ei bustadblokk i Nyköping vart ramma av ein kraftig eksplosjon. To personar omkom i eksplosjonen, som gjorde stor skade på minst eitt av husværa. Inngangsdøra var fullstendig øydelagt og alle vindauga var knuste.

Alle dei andre som budde i blokka vart evakuerte, men ingen av dei vart skadd i eksplosjonen. Dei har enno ikkje fått flytte tilbake til husværa sine.

Utleigd til to personar

Ifølgje Södermanlands Nyheter var husværet der eksplosjonen skjedde utleigd til to personar. Det svenske nyheitsbyrået TT har snakka med mannen som står som eigar av husværet. Ved 13-tida i dag hadde han ikkje høyrt frå politiet. Han fortel at han hadde leigd ut husværet til ein tredje person, som igjen truleg har leigd det ut til ein tredje part.

Han veit ikkje kven dei døde mennene eller korleis dei har fått tilgang til husværet hans.

Politiet er no sikre på at det ikkje er fare for nye eksplosjonar i bustadblokka. Bombeekspertar har gått gjennom heile bygningen med hundar og ikkje funne meir sprengstoff.

Ikkje gasseksplosjon

Det er førebels ikkje klart kva som var årsak til den kraftige eksplosjonen, men politiet ser bort frå alt i går at det var snakk om ein gasseksplosjon. Enkelt og greitt fordi det ikkje var innlagt gass i bygningen.

SISTE NYTT

Siste nytt