Hopp til innhold

– Ei europeisk tragedie, ikkje ei italiensk

Det er ikkje landsmennene deira som har døydd, men det er inga tvil om at båttragedien utanfor Lampedusa har gått hardt inn på italienarane. I dag er det nasjonal sørgedag i Italia, og samstundes ber dei om hjelp frå resten av kontinentet.

Italienske kystvakta reddar opp flyktningar frå sjøen etter at eit skip forliste utanfor Lampedusa i går.

Den italienske kystvakta reddar opp flyktningar frå sjøen. Av dei meir enn 450 passasjerane på den forliste båten er berre 150 redda på land.

Alt dei ville var å kome seg over Middelhavet for å starte eit nytt liv i Europa. Dei fleste som la frå land i Libya var frå Somalia og Eritrea. Fleire var også frå Syria Land kor kvardagen er vanskeleg å takle, og kor draumen om Europa verkar forlokkande.

For mange vart det starten på slutten då eit pledd vart tent på for å vekkje merksemd hos den italienske kystvakta. Berre 159 av dei over 450 flyktningane har kome i land på eit av Europas sørlegaste punkt, Lampedusa.

– Alle italienarar burde kjenne på dette som om det var våre eigne som hadde gått bort, seier Enrico Carovini som bur i Roma.

(Saka held fram under biletet)

ITALY-MIGRANTS/ Bodies of migrants who drowned lie on the dock of the harbour of Lampedusa Island

111 personar er stadfesta omkomne. Det fryktes at talet vil stige kraftig i timane og dagane som kjem.

Foto: HANDOUT / Reuters

Sørgedag

I dag vil alle italienske skulebarn vere stille i eit minutt i respekt for dei omkomne, og det italienske flagget vil bli heist på halv stong over heile landet. President Giorgio Napolitano har tatt til orde for å fjerne ei lov som kriminaliserer det å hjelpe dei mange flyktningane til land.

No ber også italienske styresmakter resten av kontinentet om hjelp. Innanriksminister Angelino Alfano meiner Dublin-samarbeidet, som går ut på at asylsøknadar skal handsamast i det første landet flyktningane kjem til i Europa, vert ei for stor byrde for statar i Sør-Europa, slik som Italia.

– Dette er ikkje ei italiensk tragedie, det er ei europeisk tragedie. Lampedusa må sjåast på som grensa til Europa, ikkje grensa til Italia, sa Alfano då han møtte journalistar under hans besøk på Lampedusa i går kveld.

– Europa bør arrangere flyktningreiser

Førebels er talet på omkomne 111 personar, men det er frykta at det vil auke kraftig. Berre 150 av dei minst 450 som var om bord på båten har kome i land i live.

Også borgarmeisteren på den vesle øya Lampedusa, som husar litt over 6.000 menneske, er skaka etter båtforliset.

– Etter denne ulukka forventar me at noko vil endre seg. Ting kan ikkje halde fram slik som no. Europa burde arrangere flyktningreiser for dei som kjem frå land kor krig og forfølging får folk til å flykte, seier borgarmeister Giusi Nicoloni til den italienske kringkastaren RAI.

Ein mann arrestert

Ein 35 år gamal tunisisk mann er utpeikt som skipper på båten som sank torsdag, og sit i arresten. Mannen vart utvist og deportert frå Italia i april.

Det er lite som tyder på at straumen av båtar vil minke i tida som kjem. På denne tida av året er Middelhavet på sitt rolegaste, og det kjem vanlegvis båtar til land i Italia kvar dag. Båtane er som oftast overfylt med flyktningar. Dei siste 20 åra har rundt 25.000 menneske mista livet på veg over Middelhavet.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt