– Om me ikkje klarer å svare på dette problemet på ein god nok måte, så har ebola potensial til å bli ei plage lik HIV eller polio, som me blir nøydde til å måtte kjempe mot i fleire tiår framover, sa John Kerry i ein tale han i går haldt til frammøtte diplomatar i Washington.
Han tok seg tid til å reflektere over den labre responsen som han meiner enkelte land har vist.
– Me må ikkje lure oss sjølve. Å vinne denne kampen kjem til å bli kostbart, det vil ta mykje av våre krefter og det er ikkje risikofritt, sa Kerry ifølgje den britiske avisa The Guardian.
Også Storbritannia har vore tydelege på at kampen mot ebola må takast på alvor. Statsminister David Cameron har mellom anna teke initiativ til å be EU-land om å gi 8,3 milliardar kroner, og å sende 2000 helsearbeidarar innan ein månad.
Vil samarbeide med Cuba
I sin tale gav også John Kerry ros, og særskild oppsiktsvekkande var rosen retta mot Cuba.
– Me ser små og store nasjonar trappe opp innsatsen på imponerande vis for å bidra på frontlinja. Cuba, eit land med berre 11 millionar innbyggjarar, har sendt 165 helsearbeidarar og planlegg å sende ytterlegare 300, sa Kerry.
Forholdet mellom USA og Cuba har opp gjennom historia vore særs dårleg, men likevel er det mykje som tyder på at dei i Vest-Afrika vil stå saman.
– Me kjem til å arbeide side om side med alle som er der, og helseministeren har sagt at det inkluderer amerikanarane, seier Jorge Pérez til nyheitsbyrået Reuters.
Pérez er cubanar og direktør for sjukehuset for tropisk medisin der helsepersonellet som skal reise vil få opplæring.
SMS mot ebola
I tillegg til at mange land bidreg med pengar, og nokre også med helsearbeidarar, så er det også fleire hjelpeorganisasjonar som mobiliserer for å prøve å stoppe ebolaviruset.
Nokre tyr også til utradisjonelle verktøy. Blant dei er Unicef, som i desse dagar startar ein ny SMS-teneste.
Ved hjelp av enkle SMS-ar vil organisasjonen nå ut til flest mogleg med helseinformasjon, og i tillegg håper organisasjonen at folk flest skal kunne rapportere inn tilfelle av ebola.
Også forskarar ved Universitetet i Oslo tek i bruk moderne teknologi i sitt bidrag mot ebola. Eit helsekommunikasjonssystem skal gjere det enklare å kartlegge kor ebolaviruset spreier seg, og skal også kunne gjere det enklare å kartlegge sjukdommane til kvar enkelt pasient ned til individnivå.
Sjå reportasje om Universitetet i Oslo sitt helsekommunikasjonssystem, sendt i Kveldsnytt 15. oktober: