Hopp til innhold

1 krone i tyfonhjelp = 3,5 kroner i diktatorgjeld

For kvar krone Filippinane har fått i naudhjelp etter tyfonen Hayan, har landet måtte bruke tre og ei halv krone kroner på å betene gjeld som mellom anna stammar frå eit diktatorregime. – Urettvist og urimeleg, seier Kirkens Nødhjelp.

Skip skylt på land etter tyfonen på Filippinene

Store delar av Filippinane låg i ruinar etter at tyfonen Hayan hadde rast innover land. Verda mobiliserte naudhjelp, men sjølv måtte Filippinane ut med tre gonger så mykje i renter og avdrag på eit lån som landets tidlegare diktator tok opp.

Foto: Aaron Favila / AP

Saman med Slett U-landsgjelda og ungdomsorganisasjonen Changemaker har Kirkens Nødhjelp tatt initiativ til å rette fokuset mot eit reknestykke som dei meiner gir lite meining.

Om ein skal tru tala som dei tre organisasjonane opererer med, så har organisasjonar som jobbar med naudhjelp på Filippinane motteke 1,5 milliardar kroner etter at tyfonen Hayan slo inn over landet i november.

Men i same periode har landet nytta 5,3 milliardar på å betene gjelda dei har. Det synar tal frå organisasjonen Jubilee Debt.

– Veldig mykje av denne gjelda stammar frå diktator Marcos. Styresettet no er heilt annleis, og difor er me opptekne av at Filippinane må få moglegheita til å bygge opp att landet sitt og ikkje bruke naudsynte ressursar til å betale denne gjelda til diktator Marcos, seier leiar for utviklingspolitisk avdeling i Kirkens Nødhjelp, Wenche Fone.

– Filippinane må bygge skular og sjukehus

Ferdinand Marcos var president i øystaten frå 1965 og fram til 1986. I den perioden auka Filippinane si gjeld frå 2,2 milliardar kroner til skyhøge 175 milliardar kroner. Landet hadde blitt til ein gjeldsslave. I dag betaler Filippinane eit tisifra tal pengar kvar månad, berre i renter og avdrag.

– Men er det ikkje berre rett og rimeleg at dei faktisk betaler tilbake pengane dei har låna?

– Kirkens Nødhjelp sitt hovudpoeng er at Filippinane no må bygge skular, sjukehus og vegar, og ikkje betale tilbake det som mest sannsynleg er ei diktatorgjeld, meiner Fone.

– Kan me stole på at Filippinane vil forvalte pengane betre i dag?

– Filippinane er eit demokrati, og då må me ha tiltru til styresmaktene om at dei vil det beste for sitt folk.

Dei tre organisasjonane meiner norske styresmakter og utanriksminister Børge Brende må på banen for å gjere noko med gjeldssituasjonen til Filippinane.

Me har tre krav:

1. Gjelda til Filippinane må frysast.

2. Gjelda må granskast for å finne ut kor den stammar frå.

3. Om det er diktatorgjeld det er snakk om, så må den slettast.

Slett U-landsgjelda, Kirkens Nødhjelp og Changemaker

– Noreg bør bruke sin påverknadskraft i Verdsbanken til å ta eit initiativ til eit såkalla gjeldsmoratorium, det vil seie ein mellombels stans i beteninga av gjelda. I neste omgang bør Noreg støtte ei uavhengig gransking, seier Maria Dyveke Styve i Slett U-landsgjelda.

UD: – Filippinane veit best sjølve

Dei tre organisasjonane har tatt initativ til å sende eit brev til Utanriksdepartementet, som også er skrive under av mange andre organisasjonar. Der vert det framstilt tre krav til regjeringa.

Men utanriksdepartementet og statssekretær Hans Brattskar er ikkje utan vidare med på å jobbe for å slette gjelda som Filippinane har.

Filippinane er eit mellominntektsland og har god evne til å betene låna sine, og landet har ikkje gjeld til Noreg. Sidan Filippinane ikkje har bedt Verdsbanken om betalingsutsetting i samband med tyfonen, så ventar me og ser om Filippinane sjølve vil ta opp gjeldsspørsmålet med Verdsbanken, seier Brattskar.

Statssekretæren meiner at det er Filippinane sjølve som best veit korleis dei vil handtere si eiga gjeldssituasjon, men legg til at utanriksdepartementet vil følge utviklinga nøye og vurdere nyttige tiltak i den gjenoppbyggingsprosessen som Filippinane står ovanfor i tida etter tyfonen.

Hans Brattskar

Statssekretær Hans Brattskar meiner at Filippinane aller først må kome med eit ønskje om å slette gjelda som landet har, før Noreg vil gjere noko med utfordringane frå Kirkens Nødhjelp, SLUG og Changemaker.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er store øydeleggingar og gjenoppbygginga vil bli veldig kostbar. FN har bedt om 4,7 milliardar norske kroner i sin appell, som Noreg har bidratt til. I tillegg har Filippinane velt å ta opp lån frå Verdsbanken og Asiabanken. Desse låna har gunstige vilkår som lang nedbetalingstid og låge rentesatsar, seier Brattskar.

Vil fortløpande vurdere gjeldsslettebehov

Den raud-grøne regjeringa gjennomførte i si regjeringstid ein gjeldsrevisjon som gjekk gjennom all gjeld som Noreg har til utviklingsland. I august i år kom ein rapport som konkluderte med at 31 av 33 lånekontraktar til utviklingsland ikkje er i tråd med FN sine prinsipp for ansvarleg utlån.

Den førre regjeringa sletta også gjelda som var att etter den mislukka skipseksportskampanjen på 70-talet, då Noreg selte defekte skip til utviklingsland for å redde den norske skipsindustrien. Det var då første gongen at eit land tok på seg ansvar for ein uansvarleg utlånspolitikk.

No håpar dei tre organisasjonane at den nye regjeringa fører vidare arbeidet til den raud-grøne regjeringa, og også arbeidet som står att etter at gjeldsrevisjonen vert lagd fram.

– Me vil fortløpande vurdere behova for gjeldslette til utviklingsland, er svaret frå Brattskar, som vidare peikar til at enkelte føresetnader for gjeldslette må vere på plass i framtida.

– Gjeldslette skjer ikkje i eit vakuum, men som ledd i internasjonalt koordinerte gjeldsletteoperasjonar, der både faglege og politiske vurderingar ligg til grunn, seier statssekretær Brattskar.

Brattskar peikar også til at det er viktig at eit land har ein fattigdomsstrategi, og har vist evne til makroøkonomisk styring og finansforvaltning, om det skal finne stad gjeldslette. Det må heller ikkje vere fare for at landa kan ta opp lån frå andre kreditorar som ikkje er ein del av gjeldsletteoperasjonane.

SISTE NYTT

Siste nytt