Hopp til innhold

Gravid 25-åring steina til døde av familien

25 år gamle Farzana Iqbal vart steina til døde utanfor høgsterett i Lahore i Pakistan i dag. – Det var eit spørsmål om ære, seier faren, som var ein av drapsmennene.

Æresdrap utanfor Høgsterett i Lahore.

Politifolk i ferd med å samle bevismateriale etter det groteske æresdrapet utanfor høgsterett i Lahore i dag.

Foto: STRINGER/PAKISTAN / Reuters

Farzana Iqbal, som nyleg gifte seg med ein mann familien hennar ikkje godtok, stod utanfor høgsterett og venta på ei avgjerd i ei sak. Familien hadde meldt mannen hennar til politiet for å ha bortført henne, medan Farzana stod hardt på at ho reiste bort med han av eigen fri vilje.

Det var dette spørsmålet høgsterett i Lahore skulle avgjere i dag. Medan ho stod utanfor den ærverdige høgsterettsbygningen kom ei gruppe på10-12 menn og gjekk til angrep på henne med mursteinar.

Kom seg unna

Faren hennar, to brør og fetteren ho tidlegare var tvangsforlova med, var med på ugjerninga. Nyheitsbyrået AFP melder at så mange som 28 til 30 menn deltok i drapet.

25-åringen var så vidt i live då ho vart teken til sjukehus, men døydde av skadane etter kort tid. Ifølgje AFP var ho gravid i tredjer månad då ho vart drepen.

Alle gjerningsmennene, bortsett frå faren, greidde å kome seg unna før politiet kom til staden. Faren gjorde det straks klart at det var «eit spørsmål om ære».

- Ho vart drepen fordi gifte seg med mannen ho elska, seier Umer Chema, ein høgtståande tenestemann ved politiet i Lahore.

LES OGSÅ: Nytt menneskesyn

LES OGSÅ: Kraftig redusert straff for «æresdrap»

Mange æresdrap

Det groteske drapet utanfor Lahore går inn i statistikken som endå eit æresdrap i Pakistan. Ifølgje menneskerettsgruppa Aurat Foundation er det 1000 slike drap på kvinner i landet kvart år.

Aurat baserer tala sine på avisartiklar, fordi Pakistan ikkje har nokon offisiell statistikk over æresdrap.

– Det verkelege talet på æresdrap i Pakistan er truleg mykje større, fordi få slike saker kjem for retten. Dei få sakene som kjem for retten tek det lang tid å behandle. Det finst ingen statistikk over kor mange som blir dømde for slike brotsverk, seier Wasim Wagha i Aurat Foundation til nyheitsbyrået Reuters.

LES OGSÅ: Etterforsket «norsk» æresdrap i Pakistan

«Tilgir» gjerningsmannen

I dei fleste æresdrapssakene er det kvinna sin familie som står bak. I andre tilfelle får dei andre til å gjennomføre drapet, og ifølgje Wasim Wagha gir lova familien høve til å «tilgi» gjerningsmannen. Dermed kan drapsmannen ikkje straffast.

LES OGSÅ: Kampen mot æresdrap

LES OGSÅ: De søkte personlig frihet i Norge

Ektemannen til Farzana Iqbal, Mohammad Iqbal.

Mohammad Iqbal saman med liket av kona Farzana, som vart steina til døde av familiemedlemer.

Foto: K.M. Chaudary / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt