– Dei behandlar oss som dyr

Oisann, innholdet som skulle vises her støttes ikke lenger. Vi beklager!

Israel har gått til kamp mot den illegale afrikanske innvandringa til landet. Dei siste par vekene er 250 papirlause sudanarar sende til Sør-Sudan, og israelske styremakter seier at fleire står for tur. Den ulovlege innvandringa har skapt sterke friksjonar i Israel

– Dei behandlar oss som dyr, fortel Jisma Alia til TV-stasjonen Al Jazeera.

Ho er på veg inn i bussen som skal ta henne til flyplassen i Tel Aviv, der flyet ventar for å sende henne og 150 andre sør-sudanarar til Juba.

Kanskje er ho bitter, kanskje er ho glad. Ho er på veg til sitt på alle måtar nye heimland, Sør-Sudan, og lovar at dei israelarane som vil besøke henne i framtida, i alle fall er hjarteleg velkomne. Kanskje er det ironi.

Kalla kreft

Spenninga rundt innvandrarane i Israel har stige kraftig dei siste månadene, og det har vore fleire tilfelle av valdelege åtak på dei papirlause afrikanarane.

Mange israelarar gir innvandrarane hovudskulda for auka kriminalitet, innbrot, ran og valdtekter.

Ein av ministrane i Netanyahu-regjeringa har kalla denne illegale afrikanske migrasjonen for kreft.

Det er 60 000 papirlause frå ulike afrikanske land i Israel. Dei aller fleste har tatt seg inn i landet gjennom Sinai og over grensa frå Egypt dei siste 6–7 åra.

Nokre israelarar har enkle og effektive løysingar på problemet – ein mann seier rett: Gjer som amerikanarane med dei som tar seg ulovleg inn i USA over grensa til Mexico: Skyt dei!

israel sender ut afrikanske immigranter - Ei kvinne og ei jente klemmar kvarandre før dei forlet Tel Aviv førre veke. - Foto: BAZ RATNER / Reuters

Ei kvinne og ei jente klemmar kvarandre før dei forlet Tel Aviv førre veke.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Som for flyktningar flest, er håpet til dei som tar seg ulovleg inn i Israel, eit betre liv.

Men heller ikkje her ventar lykka eller arbeidsløyva på dei. Simon Mayer seier at han var stolt over å greie å kome seg inn i landet, stolt over å kome til Israel.

– Da eg henta barna mine til Israel, var draumen min at dei ein dag skulle gå inn i den israelske hæren, seier han til BBC. Den draumen har han ikkje lenger, verken draumen eller stoltheita. Nå risikerer han og familien å bli kasta ut.

– Audmjukande og øydeleggjande

To fly med utsende har gått til Sør-Sudan den siste veka, og fleire avgangar er planlagde. Før desse tvangsutsendingane fekk innvandrarane sjansen til å reise frivillig, med 1300 amerikanske dollar i lomma.

Nå er det tvang som gjeld. Frivillige israelske organisasjonar som prøver å hjelpe flyktningane, kritiserer måten det skjer på.

– Det er audmjukande og øydeleggjande for dei familiane det gjeld, seier Oril Rubin. Blant dei første som måtte reise, var det mødrer med store barneflokkar, skilte frå ektefeller som framleis sit i israelsk fengsel etter massearrestasjonane i innvandringsmiljøet. Det kan gjerast meir humant, meiner Rubin.

Sørsudanesiske flyktninger i matkø i Tel Aviv - I Tel Aviv har fleire tusen flyktningar stått i matkø for å overleve. - Foto: BAZ RATNER / Reuters

I Tel Aviv har fleire tusen flyktningar stått i matkø for å overleve.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

– Eg har alltid vore flyktning, seier John Malet, og kjenner ikkje dette heimlandet sitt Sør-Sudan. At det er hit dei første blir sende, er ikkje tilfeldig. Det nye landet og nye regimet er på godfot med Israel, og dei tilbakesende vil venteleg bli godt tatt imot.

Mange av desse innvandrarane er i arbeid i Israel og tener pengar, men altså ulovleg. Dei gode israelske hjelparane deira meiner dei bør få asyl, men israelske styremakter legg vekt på det illegale og også, meir eller mindre uttalt, risikoen for at den demografiske karakteren i landet skal bli endra.

Sør-sudanesarane utgjer bare eit par tusen av dei 60.000 papirlause, og det vil bli vanskelegare å sende tilbake dei store gruppene flyktningar, dei som kjem frå Eritrea og Somalia. Israelske styremakter trur likevel at det er muleg å deportere bortimot halvparten av dei som i dag lever illegalt i landet.

Den neste gruppa er venteleg flyktningar frå Elfenbeinskysten. Det er eit par tusen også av dei, og denne veka fekk dei 18 dagar på seg til å reise frivillig. Mot eit honorar på 500 dollar, og med alternativ trussel om å bli arresterte og tvangsutsende.

Flere utenriksnyheter

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Japansk dokumentar. Kvar og når oppstod det første livet på jorda? Ein stor studie blei nylig starta for å løyse dette store biologiske mysteriet. Forskarane undersøker havområde djupare enn 1000 meter. Hydrotermiske opningar i havbotnen på desse djupa støyter ut vatn med temperaturar over 300 gradar. Teorien er at dette miljøet truleg er nesten det same som da livet blei til på jorda for fire milliardar år sidan. (Deep Sea Expedition - Searching for Life's Origin)
Hassan Dhuhulow kom til Norge da han var en ung gutt. I fjor deltok han i en brutal nedslakting av tilfeldige mennesker på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Minst 67 mennesker døde. Hva fikk Dhuhulow til å reise fra en rolig, norsk småby for å bli terrorist? Når ble han radikalisert? Vi har fulgt i hans fotspor, og møtt ofrene og de etterlatte i Nairobi.
Norsk dokumentar. Førstkommende søndag går 143 millioner brasilianere til valgurnene i den avgjørende omgangen i årets presidentvalg. Kampen står mellom venstresidens kandidat, president Dilma Rouseff, og sentrum-høyre-kandidaten Aecio Neves. Mye står på spill - også for norsk industri, som har investert store summer i Brasil.