Hopp til innhold

– Boko Haram og IS drar vekslar på kvarandre

Både Boko Haram og IS kan tene på at dei no har erklært samarbeid, meiner ekspertar. – Dette er viktig for eit IS i motbakke, seier dei to.

Boko Haram og IS

Boko Haram, her representert ved leiar Abubakar Shekau (øvst) svor tidlegare denne veka truskap til IS, som her er avbilda i den syriske byen Raqqa i januar 2014.

Førre helg svor Boko Haram truskap til IS gjennom eit lydopptak som vart lagt ut på Twitter. I går svarte IS på frieriet frå Nigeria, også dei gjennom eit lydopptak, og det vart eit «ja» frå talsmannen til IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi.

– Viktig for eit IS i motbakke

Ekspertar som NRK har vore i kontakt med synest nyheitene er urovekkande, men ikkje overraskande. I første omgang er det først og fremst snakk om eit ideologisk samarbeid, meiner forskar ved NUPI, Morten Bøås.

– Praktisk har ikkje dette mykje å seie, men for IS kan dette vere viktig no, for dei er under press. Ekspansjonen i Syria og Irak har stoppa opp, dei tapte kampen om Kobani og har tapt område til den irakiske motoffensiven, seier Bøås.

Chad Boko Haram Flintlock

Styrker frå Tsjad og Nigeria trenar før dei skal bli sendt ut i kampen mot Boko Haram.

Foto: Jerome Delay / Ap

Han får støtte frå den svenske terroreksperten og forskar ved svenske Försvarhögskolan, Magnus Ranstorp.

– IS får vist at dei er ein maktfaktor med grupper som stiller seg bak dei både i Libya, Sinai og heilt ned til Indonesia. Det handlar til dels om å konsolidere sin innsats, men også å sørge for breiare støtte.

– Praktisk samarbeid på lengre sikt

Terrorekspert Magnus Ranstorp

Morten Ranstorp seier han ikkje er overraska over samarbeidet mellom IS og Boko Haram, men at han er uroa over nyheita.

Foto: Victor Lundberg / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN
Morten Bøås, forskningssjef FAFO

NUPI-forskar Morten Bøås meiner samarbeidet mellom IS og Boko Haram så langt berre er på eit retorisk plan.

Foto: NRK

Dei to ekspertane meiner også Boko Haram vil kunne tene på eit samarbeid, ved at dei både skaper større frykt blant folk ved å bli knytt til IS, samstundes som dei også verkar sterkare gjennom eit slikt samarbeid.

Skal ein tru Nigerias president Goodluck Jonathan, så er det allereie eit samarbeid mellom dei to gruppene, og Boko Haram-soldatar har vore i Midtausten for å trene saman med IS.

På lengre sikt kan det også bli eit tettare samarbeid mellom dei to gruppene, trur Ranstorp.

– Dette kan også innebere praktisk samarbeid, men det er på mykje lengre sikt. Dette kan også føre til at folk frå Boko Haram kan slutte seg til IS, om det er bruk for meir mannskap, seier Ranstorp.

LES OGSÅ: Håper å knuse Boko Haram

Den svenske forskaren fryktar at eit samarbeid kan føre til ei internasjonalisering av dei kampane som både Boko Haram og IS fører i kvar sin region.

– På lengre sikt kan også Boko Haram starte å angripe IS sine fiendar, og det betyr i så fall bety internasjonalisering av ein regional konflikt i Afrika. Ein er ikkje der endå, men mykje tyder på at det kan peike i den retninga på lengre sikt, seier Ranstorp.

IS-soldater paraderer i Raqqa

Bileta frå IS sitt inntog i Raqqa i Syria gjekk verda rundt, og har skremt mange.

Foto: Uncredited / Ap

Kan berre vere eit kalifat

Boko Haram og IS har begge jobba for å etablere ulike kalifat. Når Boko Haram no sver truskap til IS, vil det også bety at dei aksepterer å inngå i IS sitt kalifat.

– Om Boko Haram meiner alvor med å sverje truskap til IS, så må dei gi opp sitt kalifat. Då vert dei i så fall ein provins kalifatet til Abu Bakr al-Baghdadi, eller «kalif Ibrahim» som han kallast, seier Morten Bøås.

Ingen av dei to ekspertane trur på at fleire av dei større islamistgruppene i Afrika og Midtausten vil slutte seg til IS med det første.

Grupper som Al-Shabaab (Somalia), Al Qaida i Maghreb (Mali) og Al Qaida på Den arabiske halvøy (Jemen) er aktive over større område, men det er ikkje umiddelbart naturleg med eit samarbeid mellom desse, meiner ekspertane.

SISTE NYTT

Siste nytt