Hopp til innhold

– Boko Haram har overtaket i kampen mot den nigerianske staten

– Dessverre ser det ut til at Boko Haram har overtaket. Målet deira er å øydeleggje den nigerianske staten, seier Nigeria-eksperten John Campbell.

Jos i Nigeria

Boko Haram stod truleg bak bombeangrepet mot Jos i det sentrale Nigeria tysdag. Minst 118 menneske vart drepne.

Foto: STR / Afp

John Campbell er tidlegare amerikansk ambassadør i Nigeria, og han er no seniorrådgjevar ved Council of Foreign Relations i New York. Han seier til CNN at Boko Haram har god økonomi, takka vere blant anna bankran og løysepengar frå bortføringar.

Den islamistiske terrororganisasjonen har også stole store mengder våpen frå lagera til den nigerianske hæren.

Abubakar Shekau, Boko Haram

Abubakar Shekau er leia for den islamistiske terrorgruppa Boko Haram.

Foto: HO / Afp

Boko Haram har den siste tida operert både i det nordlege og det sentrale Nigeria. Den siste veka har organisasjonen gjennomført dødelege angrep både i Jos i det sentrale Nigeria og i Kano, den største byen i nord. I løpet av dei siste vekene har dei også gjennomført angrep i hovudstaden Abuja.

Overraska over styrken

Fleire Nigeria-ekspertar er overraska over at Boko Haram og deira tilhengjarar er i stand til å gjennomføre så store angrep mot mål som ligg så langt frå kvarandre i løpet av nokre få dagar.

Det doble bilbombeangrepet i Jos sist tysdag, der 118 menneske vart drepne , er typisk for det som verkar å vere den nye strategien til Boko Haram: Å slå til mot sivile mål i område som alt opplever spenning mellom ulike etniske og religiøse grupper.

Det at dei brukar to svært kraftige bomber som går av i løpet av kort tid , kan vere inspirert av Al Qaida.

Den amerikanske Nigeria-eksperten Jacob Zenn, analytikar ved Jamestown Foundation i Washington DC, har fylgt nøye med på Boko Haram i fleire år. Han seier til CNN at organisasjonen truleg har som mål å ytterleg svekkje den alt kriseramma nigerianske hæren. Han trur Boko Haram har alliert seg med ei anna valdeleg islamistgruppe, Ansaru.

Kidnappede jenter

Bortføringa av over 200 skulejenter har gitt Boko Haram publisitet over heile verda.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Band til Al Qaida

Nigeria

Boko Haram har stått bak tallause blodige angrep på sivile i Nigeria dei siste åra, blant anna i byen Jos.

Foto: STRINGER / Reuters

Zenn meiner at Ansaru har band til gruppa Al Qaida i Islamsk Maghreb, og at dei har vore med på bortføringar av utanlandske statsborgarar. Han fortel at gruppa fleire gonger har fått utbetalt millionsummar i løysepengar, blant anna då ein fransk familie vart bortført i det nordlege Kamerun i fjor.

Det vart her betalt ut tre millionar dollar for å få familien sett fri, og ein del av denne summen hamna hos Ansaru, seier Zenn.

Dei to amerikanske ekspertane meiner at situasjonen for den nigerianske hæren blir stadig verre. Lokale innbyggjarar har fortalt til nigerianske medium at krigarar frå Boko Haram plyndra og drap i landsbyen Alagano onsdag.

Denne landsbyen ligg like ved staden der over 200 skulejenter vart bortførte av Boko Haram i april, og i eit område der nigerianske styresmakter seier dei har styrkt det militære nærværet.

LES OGSÅ: Erklærer full krig mot Boko Haram

LES OGSÅ: Holder toppmøte om Boko Haram

– Mangel på tillit

Nigerias president Goodluck Jonathan har skissert planar om ein multinasjonal styrke som skal jakte på Boko Haram, der Nigeria, Tsjad, Niger og Kamerun skulle stille med ein bataljon kvar.

Jacob Zenn seier at tidlegare initiativ alle har vore resultatlause. Han trur årsaka er generell mangel på tillit til kvarandre, språkproblem og mangel på pengar.

John Campbell meiner det er rart at ikkje den nigerianske hæren har gjort meir for å stanse Boko Haram, trass i at situasjonen har vorte stadig verre. Ei årsak kan vere at hæren er ein langt svakare organisasjon enn for 10–15 år sidan.

– Toppleiinga i hæren har vorte sterkt politisert dei siste åra, og dei fleste militærtoppane står nær presidenten, seier Campbell til CNN. Han fryktar at offiserar med lågare rang kan gjennomføre eit militærkupp.

Nigeria var eit militærdiktatur fram til 1999, men har dei siste 15 åra hatt eit slags demokrati.

Demo Oslo

Det har vore store demonstrasjonar mot Boko Haram over store delar av verda. Her frå ei markering i Oslo.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Demokratisk eksperiment

Campbell meiner det er ein reell trussel at det demokratiske eksperimentet i Nigeria kan gå mot slutten. Det kjem stadig fleire meldingar om at militære avhoppingar og mytteri, seier han.

– Det er fare for ustabilitet i Nigeria før valet i februar 2015. Dei militære kan kome til å gripe inn på ein eller annan måte, seier han.

President Jonathan

Goodluck Jonathan er den første presidenten i Nigeria som ikkje har sivil bakgrunn.

Foto: STRINGER / Reuters

Dei to ekspertane fryktar også at offensiven frå Boko Haram kan føre til etnisk reinsing. Fleire tusen kristne har flykta frå område som Gwosa in Borno, og byen Jos er no meir eller mindre delt inn i muslimske- og kristne område.

Bombeangrepet sist tysdag vil truleg auke motsetningane mellom kristne og muslimar, trur Campbell. Han fortel at kristne ungdomar har sett opp vegsperringar rundt områda der dei bur. Angrepet i Kano var også retta mot eit kristent nabolag.

LES OGSÅ: Seier nei til å byte Boko Haram-fangar mot bortførte jenter

– Vil knuse Nigeria

John Campbell meiner Boko Haram har lukkast i å audmjuke både den politiske leiinga og hæren i Nigeria. Bortføringa av dei over 200 skulejentene har også gitt dei internasjonal merksemd.

– Det er ikkje lenger nok for Boko Haram å krevje større sjølvstyre og meir ressursar til det nordlege Nigeria. No ser det ut som dei har to mål. Dei vil knuse den nigerianske staten og skape det dei meiner er eit islamsk kongedømme på jorda, seier Campbell.

Den norske Nigeria-forskaren Camilla Houeland peikar på at Goodluck Jonathan er den første presidenten i Nigeria som ikkje har militær bakgrunn. Det er ikkje sikkert, seier ho, at han har kontroll over hæren. Ho meiner det er mange uklare lojalitetsforhold i hæren, og ho minner om at det har lange tradisjonar for militærkupp i landet.

– Politikk styrt av vald

– Nigeria har tradisjon for at politikk ofte er styrt av valdsbruk. Endringsprosessar har kome i stand etter valdsbruk meir enn etter politiske prosessar. Politikk er mykje knytt til valdsbruk, seier Houeland til NRK.

Ho fortel at det er mange spekulasjonar om at politikarar i nordområda, som ynskjer å destabilisere den noverande presidenten før valet i 2015, og som derfor støttar Boko Haram økonomisk.

Camilla Houeland har inntrykk av at Boko Haram rekrutterer sine krigarar i område med høg arbeidsløyse, der sinnet mot staten er sterkt. Kjerneområdet til Boko Haram har også lange tradisjonar for radikal islam, fortel ho.

SISTE NYTT

Siste nytt