Hopp til innhold

9-åring sneik på toget - brutalt behandla av vektar

Ein mobilvideo der ein ni å gamal gut blir brutalt mishandla av vektarar, sjokkerer Sverige. NRK åtvarar mot sterke bilete.

Video av ein vektar som mishandlar ein 9 år gamal gut på ein togstasjon i Malmo sjokkerer Sverige.

Eit vitne filma den sjokkerande episoden på togstasjonen i Malmø fredag førre veke.

Mishandlinga skjedde på togstasjonen i Malmø fredag kveld, som ein respons på at guten hadde snike seg med på toget.

Eit vitne filma episoden med mobilen sin. Videoen viser tydeleg at den eine vektaren legg hendene sine over guten sin nase og munn, og dunkar hovuden hans i steingolvet.

Vitne: – Ser at guten ikkje får pusta

– Vektaren strupar han og ein ser at guten ikkje får pusta. Han gret og er heilt hysterisk, fortel eit vitne til avisa Sydsvenskan, som først rapporte om episoden.

9-åringen og venen hans snakkar arabisk og greier ikkje å kommunisera med dei svenske vektarane.

I vitnevideoane kan ein høyra at 9-åringen skrik ut ein såkalla «Shahada» – ei dødsbøn som muslimar ber når slutten er nær.

I etterkant av hendinga melde vektarane gutane til politiet for vald mot tenestemenn. Saka blei automatisk lagd vekk som følgje av ung alder.

Politiet støttar vektaren

Også vektarane er melde til politiet. Saka blir no undersøkt, og i mellomtida er vektarane tekne ut av teneste.

Politiet i Skåne avviser likevel at vektarane har gjort seg skuldige i eit overgrep.

– Det som skjer her er det vektaren har fullmakt til å gjera, seier informasjonsdirektør i Skånepolitiet Lars Förstell til Aftonbladet.

Han delar ikkje oppfatninga av at vektaren dunkar guten sitt hovud i steingolvet.

– Guten spyttar, freser og bit og vakten må halda hovudet hans stille, seier Förstell.

SISTE NYTT

Siste nytt