Prinsen har vore innanriksminister i Saudi-Arabia i nesten 40 år, og han har blant anna gjennomført ein større aksjon mot Al Qaida i det arabiske kongedømmet. Dette skjedde etter ei rad angrep frå terrororganisasjonen i 2003 og åra etter.
Døydde av kreft
Nayeef tek over som kronprins etter prins Sultan bin Abdul Aziz, som døydde i av tjukktarmskreft i New York sist veke. Han vart gravlagd i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh sist tysdag.
Han hadde posten som luftfarts- og forsvarsminister i nesten 50 år, men det er førebels uklart kven som tek over denne posten i den saudiarabiske regjeringa.
Den nye kronprinsen har ord på seg for å vere endå meir konservativ enn kongen, og han har nære band til det religiøse maktapparatet i Saudi-Arabia. Men analytikarar som kjenner den saudiske kongefamilien seier at han kan kome å vise seg frå ei ny side som kronprins.
Lang erfaring
Han har lang erfaring med å styre, når både kongen og den tidlegare kronprinsen prins Sultan var sjuke. Kongen har hatt store problem med ryggen og har stadig vekk vore i utlandet for behandling.
Prins Nayed har ynda å kalle seg ein soldat under kommandoen til den saudiske kongen.
Kong Abdullah gjekk med gåstol og hadde maske på seg då han deltok i gravferda til prins Sultan i Riyadh tysdag.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: