I heile føremiddag strøymde menneske inn mot sentrum av Kiev. Demonstrantane bar ukrainske flagg, EU-flagg og banner med slagord mot den sitjande regjeringa.
Velta og halshøgde Lenin-statue
Søndag ettermiddag byrjar demonstrasjonen å tilspisse seg, og demonstrantane har velta ein Lenin-statue i hovudstaden.
Dei velta og halshøgde statuen av den tidlegare Bolsjevik-leiaren.
Saka held fram under biletet
Opposisjonen sa på førehand at dei håpa å samle ein million menneske i sentrumsgatene i dag,og ifølgje nyheitsbyrået AP er talet på demonstrantar oppe i 500 000 søndag ettermiddag.
– Janukovitsj i diktatorklubben
Den fengsla opposisjonsleiaren Julia Timosjenko gav følgjande bodskap til demonstrantane via dotter si:
– Målet vårt er at Janukovitsj straks trekkjer seg som president.
Bodskapen vart motteken med jubel av demonstrantane, og dei ropte taktfast: – Gå av!
Det heiter vidare i fråsegna frå Timosjenko at Janukovitsj ikkje lenger kan vere president i Ukraina, fordi han har meldt seg inn i klubben for diktatorar.
– Han er ein tyrann som må svare for kvar drope blod som har vorte spelt. Vi må fredeleg og lovleg fjerne han frå makta. heiter det vidare i fråsegna som Jevgenina Timosjenko las opp
I føremiddag vart det halde gudsteneste på plassen, og mange av demonstrantane deltok i nattverd medan dei venta på at demonstrasjonen skulle starte.
Fryktar nærare band til Russland
Den siste uroa i Ukraina starta etter at presidenten varsla at han likevel ikkje ville skrive under ein avtale med EU, som ville gitt ukrainske borgarar løyve til fritt å reise til EU-land utan pass eller visum.
Det er no frykt for at Janukovitsj vil føre Ukraina endå nærmare Russland, og sist fredag møtte den ukrainske presidenten sin russiske kollega Vladimir Putin for å diskutere eit strategisk samarbeid mellom dei to landa.
Styresmaktene i Ukraina har gjort det klart at dei ikkje vil slå ned på fredelege demonstrasjonar, men at dei ikkje vil nøle med å slå ned på valdelege element blant dei.
Demonstrantar banka opp
Det har vore demonstrasjonar i Kiev kvar dag den siste veka. Ofte har demonstrasjonane enda med både blod og arrestasjonar, etter at politiet har gått hardt til verks mot demonstrantane.
Sist søndag var det også ein gigantdemonstrasjon i Kiev, der fleire hundre tusen menneske deltok. Det var då den største demonstrasjonen i landet sidan Oransjerevolusjonen i 2004.