Hopp til innhold

250.000 pensjonistar lever i fattigdom i Sverige

Ein kvart million pensjonistar lever under EUs fattigdomsgrense i Sverige. Talet på fattige eldre har nesten dobla seg sidan 2006.

Klipp frå SVT om fattigdom blant pensjonister.

VIDEO: Fleire eldre i Sverige er fattige.

EUs fattigdomsgrense er 60 prosent av snittlønna i landet. I Sverige svarar til det i underkant av 11.000 kroner i månaden. No slår Pensionärernas Riksorganisation, PRO, alarm om at gruppa av fattige vil auke endå meir i åra som kjem, om ikkje noko blir gjort.

– Gruppa av fattige pensjonistar risikerer å auke, og det er temmeleg pinleg at vi har kome i denne situasjonen, seier Bengt Sibbmark i PRO til SVT .

«Bromsen» slo inn

Bengt Sibbmark i PRO.

- Situasjonen er pinleg for Sverige, seier Bengt Sibbmark i PRO.

Foto: SVT

Etter 2010 slo «bromsen» (bremsa) i det svenske pensjonssystemet inn, og dermed gjekk pensjonsutbetalingane ned. «Bromsen i pensionsystemet» er ein regel om at gjelda i pensjonssystemet ikkje får bli tørre enn inntektene.

«Bromsen», eller balanseringa, er altså forholdet mellom inntekter og gjeld. «Bromsen» slår inn når utgiftene ser ut til å bli større enn inntektene. Dette for at ikkje pensjonssystemet ikkje skal tape seg i verdi på sikt.

Ole Settergren er analysesjef hos det svenske skattevesenet. Han seier at innføringa av det såkalla jobbskatteavdraget var med på å gjere fleire fattige. Då personskatten vart sett ned, så vart det fleire fattige pensjonistar.

– Kløfta aukar

Analysesjef i Pensionsmyndigheten, Ole Settergren.

Ole Settergren er analysesjef i det svenske skattevesenet. Han seier at eitt alternativ er å auke pensjonsalderen.

Foto: SVT

I tillegg har grunnbeløpet i pensjonen ikkje auka i takt med lønene dei siste åra. PRO er klar på at kløfta mellom minstepensjonistar og lønnstakarar.

– Dette er eit argument for å auke grunnbeløpet, men det er også andre måtar å gjere det. Det er mogleg å betale inn fleire pengar til pensjonssystemet eller auke pensjonsalderen, seier Ole Settergren.

Pensjonsalderen i Sverige er 65 år, men det er mogleg å gå av ved fylte 61.

Å få alle svenske pensjonistar over fattigdomsgrensa ville koste rundt 4,5 milliardar kroner kvart år. For kvar pensjonist ville det utgjere 1700 kroner i månaden. viser utrekningar frå Pensionmyndigheten.

– Eit stort vonbrot

Pensjonist Elsy Walter (76).

Elsy Walter sit att med 12.000 kroner i månaden. - Det er tøft å leve så lite, seier ho.

Foto: SVT

SVT har snakka med 76 år gamle Elsy Walter frå Frösön utanfor Östersund. For henne har pensjonisttilværet vore eit stort vonbrot. Ho har nesten 50 år bak seg i arbeidslivet, for det meste i varehandelen. Ho har heile tida jobba ekstra for å spe på pensjonen.

Når skatten er betalt av alderspensjonen, sit ho att med 12.000 kroner, litt meir enn EUs fattigdomsgrense. Det er tøft nok, seier ho, og fortel at hadde ho ikkje fått hjelp av borna sine, så hadde ho ikkje hatt råd til å vitje dei. Og elles handlar ho stort sett berre tilbodsvarer.

SISTE NYTT

Siste nytt