Hopp til innhold

17 drepne i russisk flyangrep

Russiske fly og bakkestyrkar har drepe 17 opprørarar i Ingusjetia i det nordlege Kaukasus. Opprørarane planla sjølvmordsaksjonar, melder russiske styresmakter.

Russiske styrkar på patrulje i Ingusjetia.

Russiske spesialsoldatar på patrulje i Ingusjetia tidlegare i år.

Foto: KAZBEK BASAYEV / Reuters

Det nasjonale antiterrorrådet i Russland opplyser at russiske styrkar gjekk til aksjon mot ein treningsleir for komande sjølvmordsaksjonistar. Angrepet vart gjennomført med uvanleg presisjon, heiter det.

Tre russiske soldatar vart også drepne i aksjonen.

Domodedovo-angrepet

Doku Umarov er en kaukasisk islamistisk opprørsleder.

Doku Umarov er hovudmistenkt for å ha planlagt angrepet på Domodedovo-flyplassen, men det er uklart om han var i leiren som vart angripen i dag.

Foto: HO / AFP

Operasjonen vart planlagd av innanriks- og forsvarsdepartementet som del av ei breiare etterforsking av sjølvmordsaksjonen mot Domodedovo-flyplassen i Moskva i januar, heiter det vidare i meldinga frå antiterrorrådet.

Det er svært uvanleg at dei russiske spesialstyrkane brukar fly i sine operasjonar i Kaukasus.

Det heiter vidare i meldinga:

- Førebels informasjon går ut på at 17 bandittar er drepne. og at to som var med på å planleggje terroraksjonen mot Domodedovo-flyplassen er pågripne.

Meldinga frå antiterrorrådet er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

LES OGSÅ: Kjærlighetssorg kan ha utløst terrorbomben i Moskva

Islamsk stat

37 menneske vart drepne i sjølvmordsangrepet mot Domodedovo-flyplassen 24. januar i år

Ingusjetia er naborepublikken til Tsjetsjenia, der Russland har utkjempa to krigar mot separatistar sidan 1994.

Dei islamistiske opprørarane i Tsjetsjenia og naborepublikkane har som mål å etablere ein islamsk stat i Kaukasus.

SISTE NYTT

Siste nytt