Hopp til innhold

10 arresterte etter terror-tabbe

10 personar er arresterte etter tryggleik-blunder av Storbritannia sin øvste anti-terrorleiar.

Britisk politi
Foto: ANDREW YATES / AFP

Scotland Yard-kommisjonær Bob Quik, som har ansvaret for Storbritannia sin terror-tryggleik, beklagar rotet på det djupaste.

Ifølgje BBC skal han ha offentleggjort dokument merka "hemmeleg" til fotografar. Dokumenta, som viser detaljerte planar av eit nytt terror-åtak i Storbritannia, vart etterpå distribuert verda rundt.

10 arresterte

Etter dette vart ti menneske arresterte fleire stader i dei nordvestlege delane av Storbritannia.To av dei vart pågrepne utanfor biblioteket til John John Moores Universitetet i Liverpool, ifølgje britisk politi.

- Dette er ein anti-terroroperasjon og vi etterforskar no fleire adresser seier ein talsmann frå det britiske politiet.

Arrestasjonen på universitetet førte til stor uro blant studentane.

- Det var full panikk, seier ein student til BBC.

Fekk orsaking

Elles er Manchester-politiet tilbakehaldne med opplysningar i saka.

Scotland Yard har no fått orsakinga frå Quik, seier ein talsmann frå politiet.

Storbritannia har sidan terroråtaket i London i juli 2005 vore på vakt. Då vart 56 personar drepne då ei bilbombe eksploderte.

SISTE NYTT

Siste nytt