Hopp til innhold

Prins Charles' økologiske eventyr i Transilvania

Da prins Charles oppretta den første stiftelsen som ber hans namn utanfor Det britiske samveldet, valde han Transilvania. Den britiske tronarvingen har tette slektsband i regionen, som går tilbake til ein blodtørstig figur.

Prins Charles i Romania.

Prins Charles meiner verda har mykje å lære av korleis ein driv småskalajordbruk i Transilvania.

Slåttekarane slår med ljå for å vise prins Charles korleis ein har drive jordbruk i Transilvania i hundrevis av år. Sidan 1988 har Charles vore ein hyppig gjest i landsbyen Viscri. Han vitjar ei som regel ei veke kvart år. Og Camilla er ofte med.

Driv gardsturisme

Prinsen eig to gjestgivargard i den saksiske landsbyen som står på verdsarvlista til UNESCO. Og dei er opne for turistar, når han ikkje nyttar dei sjølv. Dette har ført til stor interesse blant turistar. Gardsturisme har skapt mange nye arbeidsplassar i området.

– Har forelska seg i Transylvania

Csilla Czimbalmos, som arbeider ved Den norske helsingforskomiteen, er sjølv frå Transylvania. Ho fortel at Prinsen har forelska seg i den rumenske naturen.

Sånn som han ser det er dette dei siste områda i Europa som er nærast urørte, fortel ho til NRK.

Opprettar stiftelse

Prins Charles

Prins Charles driv to svært populære gjestgiveri i landsbyen Viscri

Foto: BBC

Og denne interessa for Romania har gjort at Prins Charles no har oppretta den første stiftelsen med hans namn utanfor Det britiske samveldet.

Den skal fremje berekraftig jordbruk, og bevare kulturarven i det saksiske Transilvania.

Eg meiner at småbøndene er heilt nødvendige for å halde oppe mattryggleik. Alt kan ikkje bli gjort av gigantiske selskap, fortel prins Charles til BBC.

Stor interesse frå britisk presse

Britisk presse har blitt nysgjerrige på prinsen sine besøk til Romania. Og i haust vart BBC med prinsen da han lanserte den nye stiftelsen sin. Det dei lurer på er om det er noko meir bak denne djupe interessa for Aust-Europa.

I slekt med Dracula

Prins Charles har brukt å trekke fram at han har ei transilvansk oldemor, Mary av Teck. Ho var ektefelle til kong George den femte.

Csimbalos fortel at i 1982 kom ei bok, Royal Highness, der det kjem fram at prins Charles er i slekt med sjølvaste Vlad Tepes, fyrsten som var inspirasjon til legenda om Dracula.

- Prins Charles har spøkt litt med at han er i slekt med Vlad Tepes. Ifølgje boka må ein da gå seksten ledd tilbake, til Vlad den tredje. Og Vlad den tredje var halvbroren til Dracula, fortel Csimbalmos.

Viscri

Vil fremje ei berekraftig framtid

- Det er på grunn av barnebarna mine at eg gjer alt dette. For eg bryr meg om framtida til dei og til alle andre sine barnebarn, fortel prins Charles til BBC.

SISTE NYTT

Siste nytt