Fristen for å få i orden fredsavtalen som er inngått, er i desember. Men landet er herja av borgarkrig, og avtalen er vanskeleg å gjennomføre, meiner organisasjonen Caritas.
– Vi ser ei stadig eskalering av valden i Sør-Sudan. Krigen som starta på slutten av 2013 byrja i dei nordlege delane av landet, men spreier seg no til andre delar også, fortel Marit Sørheim, som er naudhjelpskoordinator i organisasjonen.
FN har i sommar definert krisen i Sør-Sudan til å vere nivå 3 – det høgste nivået ei humanitær krise kan få.
- Les også:
Nye væpna grupper oppstår
Sørheim var nyleg i Sør-Sudan, og seier at landet er prega av uvisse og uro, spesielt blant hjelpeorganisasjonane.
– Hjelpeorganisasjonane seier at det er vanskeleg for dei å nå dei sivile. I dei områda der ein reknar med størst lidingar og behov, så når ikkje dei humanitære organisasjonane og FN fram, seier ho.
Både på styresmakta si side og i opposisjonen ser Caritas at det er stor usemje, noko som fører til at fleire væpna grupper oppstår.
– Desse gruppene har verken presidenten eller opposisjonsleiinga kontroll over, fortel Marit Sørheim. Ho seier at valden og konflikten pregar folket, som også er redde for at ein ikkje skal kome i land med fredsavtalen.
- Les også:
Signerte avtale på overtid
Det internasjonale presset på å få til ein fredsavtale har vore enormt. Signaturane frå president Salva Kiir og hans bitre fiende og tidlegare visepresident Riek Machar kom etter fleire månader med forhandling.
– Avtalen er dessverre ikkje godt nok forankra. Med meir tid kunne ein fått eit betre resultat, og vi har no ein situasjon med to som skal gjennomføre avtalen, som fullstendig manglar tillit til kvarandre, fortel naudhjelpskoordinator Marit Sørheim.
Ho fortel at avtalen ikkje involverer alle dei væpna gruppene i Sør-Sudan, heller ikkje sivilsamfunnet, lokalsamfunnet, kvinner, og ungdom.
– Det er ein sopass dårleg forankra fredsavtale at der er mykje arbeid som framleis står att før ein kan gjennomføre avtalen, seier ho.