Hopp til innhold

Putin-kritikar skoten og drepen i Moskva

Moskva (NRK): Den russiske opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov (55), ein sterk motstandar av president Vladimir Putin, er skoten og drepen i Moskva i kveld.

Boris Nemtsov drepen i Moskva.

Boris Nemtsov vart skoten og drepen under ein spasertur på brua Bolsjoj Moskvoretskij most i Moskva seint i kveld.

Foto: Alexander Roslyakov / Ap

Boris Nemtsov skoten og drepen.

Boris Nemtsov var kjend som ein skarp kritikar av Russlands president Vladimir Putin.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Nemtsov, som er tidlegare russisk visestatsminister, vart skoten på open gate seint i kveld lokal tid, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass. Drapet skjedde i sentrum av den russiske hovudstaden, og politikaren vart treft av fire skot.

Han vart livstruande såra og døydde kort tid seinare på sjukehus. Politiet opplyser at dei arbeider med å sikre bevis på staden.

– Ekstraordinære tiltak

Nyheitsbyrået Interfax melder at politiet i Moskva er i full beredskap i natt og at det er sett i verk ekstraordinære tiltak.

Det er motstridande meldingar om korleis drapet skjedde. Nokre meldingar går ut på at Nemtsov vart skoten av fleire væpna menn, andre seier at det var ein einsleg mann som stod bak ugjerninga. Andre meldingar går ut på at det vart skote mot han frå ein kvit bil.

Nettavisa Meduza melder at fire personar hoppa ut av ein bil og skaut Nemtsov, før dei forsvann frå åstaden

Drapet skjedde på ei av dei store bruene over Moskva-elva, Bolsjoj Moskvoretskij most, ikkje langt frå Kreml.

Ein talsmann for innanriksdepartementet seier at Nemtsov vart skoten fire gonger i ryggen klokka 2340 lokal tid. Opposisjonspolitikaren var på spasertur saman med ei kvinne då drapet skjedde.

Video frå Morten Jentoft i Moskva

VIDEO: Morten Jentoft frå Moskva.

Sjokkbølgjer

Drapet på Nemtsov er det mest alvorlege politiske drapet i Russland sidan journalisten Anna Politkovskaja vart skoten i 2006, og drapet har sendt sjokkbølgjer gjennom det russiske samfunnet.

Boris Nemtsov var grunnleggjar av partiet Unionen av høyrekrefter. Han var fødd i 1959 i OL-byen Sotsji ved Svartehavet. På 1990-talet vart han kjent som ein reformvenleg politikar som blant anna var guvernør i Nizjnij Novgorod-fylket nordaust for Moskva. Han var i ein periode første visestatsminister under tidlegare president Boris Jeltsin.

Under Putins styres på 2000-talet fekk han stadig mindre innverknad på politikken, og han kom etter kvart i skarp opposisjon til det han sjølv meinte var ei udemokratisk utvikling i Russland.

Varsla demonstrasjon

Nemtsov var ein av initiativtakarane til ein større demonstrasjon mot den økonomiske politikken i Russland, som etter planen skulle haldast førstkomande søndag.

Ein talsmann for president Vladimir Putin seier at mordet ser ut til å vere eit bestillingsdrap, og at det kan vere ein provokasjon. Putin tek sterk avstand frå drapet, heiter det.

LES OGSÅ: Storrazzia mot Putin-motstandere i Moskva: – Det er regelrett galskap

LES OGSÅ: Tusener protesterte mot Putin – krever fanger løslatt

Studiosamtale med Boris Nemtsov, opposisjonspolitier i Russland.

VIDEO: Boris Nemtsov var gjest i Urix i februar 2012.

SISTE NYTT

Siste nytt