Skvadronen, som blir leidd av antiubåtfartøyet «Severomorsk» ligg no i internasjonalt farvatn utanfor innløpet til Seinen for å vente på at ein storm skal gi seg.
Det russiske nyheitsbyrået RIA melder dei russiske krigsskipa, som høyrer til den russiske nordlåten, passerte Dover i Storbritannia i natt, og at dei skal gjennomføre diverse trening når dei ligg for anker ved utløpet av Seinen.
- Ikkje militærøving
Det har ikkje lukkast nyheitsbyrået Reuters å få ein kommentar frå den russiske nordflåten, og det russiske forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere meldinga frå RIA Novosty.
Den franske marinen stadfestar at dei russiske krigsskipa ligg i internasjonalt farvatn i Seinen-bukta, men at det ikkje er uvanleg med russiske marinefartøy i Den engelske kanal.
– Dei driv ikkje med militærøvingar. Akkurat no ventar dei i eit område der det kan vere russiske marinefartøy fleire gonger i året, heiter det i ei fråsegn frå den franske marinen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Viser musklar
Russland har i samband med krisa i Ukraina vist militære musklar på mange ulike måtar. Det er mange år sidan NATO har registrert så stor aktivitet frå russiske fly nær NATOS medlemsland, og den moglege marineøvinga i Den engelske kanal kan vere ein del av denne styrkeoppvisinga.
Russland tok i sommar kontroll over Krimhalvøya frå Ukraina og gir også omfattande støtte til opprørarane som ynskjer sjølvstende i den nordaustlege delen av Ukraina.
NATO har på si side trappa opp det militære nærværet i Polen, som grensar til Ukraina, og i dei tidlegare sovjetstatane Litauen, Latvia og Estland.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: