Hopp til innhold

- Vi har stansa Talibans framgang

- Vi har stansa framgangen til Taliban i det sørlege Afghanistan og i hovudstaden Kabul, seier NATOs øvstkommanderande David Petraeus.

David Petraeus er øvstkommanderande for dei internasjonale styrkane i Afghanistan.

David Petraeus meiner framgangen til Taliban er stansa fleire stader i landet.

Foto: Dusan Vranic / Ap

I eit intervju med BBC gjentek Petraeus kor viktig det er å øydeleggje dei trygge tilhaldsstadene til den islamistiske opprørsgruppa. Og han reknar ikkje med å nedkjempe Taliban med det første, sjølv om forholda no er betre i blant anna Helmand-provinsen.

Ein amerikansk soldat blir sendt heim i kiste frå Afghanistan.

David Petraeus er uroa over dei høge tapstala i den internasjonale styken i Afghanistan.

Foto: Steve Ruark / Ap

- Det ligg mange harde slag framfor oss, seier Petraeus.

LES OGSÅ: Krever svar på WikiLeaks-skandale

LES OGSÅ: 13 drept i ulike angrep i Afghanistan

- Det vil ta tid

Han seier at framgangen Taliban har hatt i Afghanistan dei siste åra, er stansa i fleire viktige område, og han er overtydd om at det same vil skje også i andre delar av fjellandet. Men han presiserer at det vil ta tid.

Ved sidan av Helmand er det også framgang i Kandahar, begge område der Taliban har hatt sterkt fotfeste.

I hovudstaden Kabul skjer det også mykje positivt, seier han, og viser til at afghanske styrkar no har teke over tryggingsansvaret i heile byen, bortsett frå eitt område.

Afghanske soldatar har teke over tryggingsnasvaret i store delar av Kabul.

Afghanske soldatar har teke over tryggingsnasvaret i store delar av Kabul.

Foto: YURI CORTEZ / Afp

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: – 24 opprørere drept i Afghanistan

Høge tapstal

Trass i det Petraeus meiner er framgang for den internasjonale styrken i Afghanistan, er han uroa over dei høge tapstala. Hittil i år 453 NATO-soldatar drepne i landet, medan tala for i heile fjor var på 520.

- Når du tek frå fienden område som betyr mykje for dei, så kjempar dei tilbake. Det vil bli tøffare før det blir betre, seier han.

Petraeus seier dette same dagen som at to nye NATO-soldatar er drepne i landet. Ein amerikansk soldat er drepen av ei vegbombe sør i Afghanistan, medan ein annan NATO soldat er drepen på same måten nord i landet.

Det er ikkje snakk om ein norsk soldat, får NRK.no opplyst av oberstløytnant John Espen Lien, fungerande kommunikasjonssjef ved Forsvarets fellesoperative hovudkvarter.

LES OGSÅ: Pentagon vil ikke forhandle med Wikileaks

LES OGSÅ: - Kan ikke slåss oss til seier

Juli 2011

USAs president Barack Obama har som mål at dei amerikanske kampstyrkane kan trekkjast ut av Afghanistan innan juli 2011. Petraeus seier han ser på denne fristen som "ein dato for starten på ein prosess".

Generalen gjer det klart at han kjem til å gi sine råd til presidenten når det gjeld denne tidsplanen.

På spørsmål om han er redd for å bli sparka frå jobben, slik det skjedde med forgjengaren Stanley McChrystal, seier Petraeus dette:

- Når du går inn i ein jobb som dette, så trur du at det er den siste jobben din. Du berre gjer så godt du kan.

LES OGSÅ: Taliban vil samarbeide med NATO

LES OGSÅ: Karzai forbyr private soldater

SISTE NYTT

Siste nytt