Hopp til innhold

- Vanskeleg å vere Libya-optimist

– Det er mange store spørsmål når det gjeld framtida til Libya etter Gaddafi. Eg er ikkje veldig optimistisk, seier tidlegare Midtausten-korrespondent for NRK, Sidsel Wold.

Jubel i Libya etter Gaddafis fall

Det er stor jubel i Libya, men mange fryktar at overgangsrådet vil få problem med å kontrollere dei mange militsgruppene.

Foto: Francois Mori / Ap

Dei store spørsmåla Sidsel Wold stiller er kva som skal skje med klanen til Gaddafi. Han har hatt mange støttespelarar i Libya, og spørsmålet er om nokon av dei kan kome inn i styre og stell igjen. Kan det blir ein forsoningsprosess i landet?

Sidsel Wold

Sidsel Wold synest det er vanskeleg å vere optimist på vegner av Libya.

Foto: NRK

Sidsel Wold er altså ikkje optimist med omsyn til det som skal skje vidare framover i Libya.

– Død og borte

Ho trur ikkje det betyr så mykje for libyarane på kva måte Gaddafi vart drepen på, men at dei er nøgde med at han er død og borte, at dette kapittelet i Libyas historie er bak dei. Ho trur at innbyggjarane i det borgarkrigsherja landet vil gå vidare utan å dvele ved fortida.

Wold trur likevel det er viktig for libyarane at det blir det blir kontroll også på sønene til Gaddafi, spesielt han som truleg var nummer to i arverekkja, Saif al-Islam. Dei siste rykta seier at han er på flukt, men overgangsrådet seier han er teken til fange.

Sidsel Wold trur det blir vanskeleg for libyarane å senke skuldrene før Saif al-Islam anten er død eller i fengsel. Kjem han seg i eksil i utlandet kan han greie å organisere væpna motstand.

Mange observatørar er usikre på overgangsrådet og kva kontroll dei har over dei mange militsgruppene.

LES OGSÅ: «Den gale hunden i Midtøsten»

– Fullstendig uorganisert

Jan Espen Kruse

Det blir vanskeleg å for overgangsrådet å få kontroll over militsgruppene, seier Jan Espen Kruse.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Utanriksmedarbeidar i NRK, Jan Espen Kruse, var i Libya i sommar. Han meiner overgangsrådet har ein svært vanskeleg jobb framfor seg.

– Det er vanskeleg for dei å halde kontroll. Det er ikkje snakk om ein hær, det er fullstendig uorganisert, det er militsgrupper som køyrer rundt og krigar. Det er total mangel på sentralkontroll, seier han.

Kruse trur dei mange som har samarbeidd med Gaddafi-regimet går ei vanskeleg framtid i møte. Det er stor sjanse for at militsgruppene tek loven i eigne hender, og mange kan gå ein forferdeleg lagnad i møte.

– Vi kan vente mange tilfeldige hendingar, og mange kan gå ei usikker framtid i møte. Den store krigen er no over, men dersom dei nye styresmaktene ikkje greier å styre landet, kan det på sikt bli ein geriljakrig, trur Jan Espen Kruse.

Han ser ikkje bort frå at det etter valet kan kome eit regime som står for ei langt meir konservativ tolking av islam enn det vestlege leiarar ynskjer. Men det kan sjølvsagt også gå andre vegen, seier han.

LES OGSÅ: Video viser Gaddafi i live

– Sikre militær kontroll

Gro Holm

– Tryggleiken er største utfordringa i Libya framover, meiner utanrikskommentator Gro Holm.

Foto: Anne Liv Ekroll/NRK

Utanrikskommentator i NRK, Gro Holm, meiner at den største utfordringa framover er tryggleiken over heile landet. Det er no naudsynt å sikre militær kontroll, slik at livet kan normalisere seg. Det er også viktig å sikre at transportsektoren i landet kan kome i gang igjen for fullt.

Holm ser også føre seg at det kan bli ein konflikt om kvar det politiske tyngdepunktet i Libya skal liggje. Ho seier det alltid har vore ei viss rivalisering mellom Benghazi og Tripoli, og Misrata vil også ha eit ord med i laget.

– Vi trur at så mange som 25.000 menneske har mist livet i borgarkrigen. For libyarane er dei martyrar, og det er slik at dei som har ofra mange også må få noko igjen for det, seier ho. Ho trur likevel ikkje at det blir snakk om å flytte hovudstaden frå Tripoli.

LES OGSÅ: - Gaddafi viftet med forgylt pistol

– Kan gå bra

Libyske revolusjonssoldatar feirar sigeren i Wishtata.

Ei gruppe militssoldatar feirar Gaddafis død i Wishtata.

Foto: FRANCISCO LEONG / Afp

John Hamilton, Libya-ekspert i organisasjonen Cross Border Information, seier til nyheitsbyrået Reuters at den største testen for det libyske overgangsrådet, vil vere å leve opp til dei enorme forventingane som dei seks millionar innbyggjarane i landet har til framtida.

– Dette blir ei vanskeleg oppgåve. No må overgangsrådet levere varene. Hittil har dei kunna skulde på at det er krig, men no har dei ikkje den orsakinga lenger. Ting må skje, seier han.

Hamilton seier likevel at dersom overgangsrådet greier å setje saman det han kallar ei skikkeleg regjering, så kan det faktisk gå bra.

George Joffe, Nord-Afrika-ekspert ved universitetet i Cambridge, trur at det faktum at NATO var innblanda i dei siste kampane før Gaddafi vart drepen, kan underminere legitimiteten til overgangsrådet.

LES OGSÅ: Gaddafi-melding midt i intervjuet

– Gaddafi er martyr

Muammar Gaddafi vart drepen 20. oktober 2011.

Muammar Gaddafi vart drepen 20. oktober i år.

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

– Gaddafi er no martyr. Det kan bli ein utløysande faktor for ny valdsbruk, kanskje ikkje umiddelbart, men på mellomlang til lang sikt, seier han.

Libya-eksperten Alex Warren seier at Gaddafis død er ein svært viktig hending, som vil få betydning langt utover det symbolske. Han ser ein fare i mange ulike militsane som har vore med på revolusjonen i landet.

– Desse gruppene må anten bli opplyst på ein forsiktig måte eller så må dei integrerast i den libyske hæren. Det er usikkert kven desse ulike gruppene tek sine ordrar frå, korleis dei greier å samarbeide og kva krav dei har, seier han til Reuters.

Det er venta at det libyske overgangsrådet vil erklære at Libya no er frigjort i ein seremoni i Benghazi laurdag. Benghazi er byen der opprøret mot Gaddafi starta tidlegare i år.

SISTE NYTT

Siste nytt