Hopp til innhold

- Timosjenko etterforska for drap

Den ukrainske påtalemakta har starta etterforsking av tidlegare statsminister Julia Timosjenko i samband med drapet på ein medlem av parlamentet.

Julija Tymosjenko

Julia Timosjenko blir skulda for å ha vore delaktig i drap.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Dette seier stasadvokaten Renat Kuzmint til nyheitsbyrået Unian i kveld. Saka gjeld drapet på parlamentsrepresentanten Jehven Sjerban i 1996, som truleg var eit bestillingsdrap, melder Reuters.

Sju års fengsel

Timosjenko er frå før i fengsel for å ha misbrukt makta si då det vart inngått ein gassavtale med Russland. Ho har anka dommen på sju års fengsel

Timosjenkos talskvinne Natalia Lisova seier i ein kommentar at skuldingane er absurde.

– Regjeringa sitt ynskje om å bli kvitt politiske motstandarar har gått over alle grenser, seier ho i kveld.

Kan vere involvert

Statsadvokat Renat Kuzmin seier til Unian at påtalemakta har bevis for at Timosjenko kan vere involvert i drapet saman med tidlegare statsminister Pavlo Lazarenko, som no er fengsla i USA for kvitvasking av pengar og svindel.

Han seier at han sit på ei utskrift av eit avhøyr av eit vitne i USA at drapsmannen fekk pengar direkte frå kontoen til Timosjenko og Pavlo Lazarenko sine kontoar. Også Lazarenko nektar å ha noko med drapet å gjere.

LES OGSÅ: Arrestordre utstedt på Timosjenko

LES OGSÅ: Timosjenko tiltalt for maktmisbruk

SISTE NYTT

Siste nytt